Store fotballdagar i etterkrigsåra

"Blod på strømpene og under tåballane og hælane var ganske vanleg"

Dei fyrste etterkrigsåra var ei glanstid for ørstafotballen. Både i 1947, 48 og 49 vann laget titlar i krins- serien.

Ørsta 1948- laget: 1. rad frå venstre: Odd Hansen, Arthur Ose, Kåre Myklebust, Harald Ose Velle og Elias Breivik. 2. rad frå venstre: Finn Ørstavik, Bjarne Opsahl, Leif Øie, Knut Moe, Andreas Dybdal og Olav Velle.  Foto: Ørsta IL

reportasje

Høgdepunktet var sesongen 1951/52. Den gongen spelte dei vår/haust, og Ørsta var i det som vart kalla 1. divisjon. Der var to lag frå Romsdal, Åndalsnes og Veblungsnes. Dei seks andre var frå Sunnmøre. Den 8. juni 1952 avslutta Ørsta sesongen med å slå Veblungsnes 7-1. Med målskilnaden 48-11 og 26 av 28 moglege poeng vann Ørsta avdelinga suverent og rykte opp i Landsdelserien. Der venta dei beste laga i Møre og Romsdal; mellom anna Aafk, Molde, Kfk (Kristiansund) og Hødd.

Tida i Landelserien varte i to år. Fyrste året berga Ørsta plassen med tre poengs margin. Dei slo mellom anna Hødd 3-1 på heimebane og spelte uavgjort 1-1 i Ulsteinvik. Største sigeren kom mot Treff, som måtte reise heim til Molde med 0-5 i bagasjen. Den andre sesongen vart verre. Då endå laget nest sist og rykte ned.

Olav Velle (95), Finn Ørstavik (89) og Svein Myklebust (87) hugsar denne tida med glede og varme. Olav og Finn spelte fast i fleire år. Svein, som var juniorspelar, høyrde også til i miljøet, men spelte ikkje fast. Han opplevde difor laget både frå og innafor sidelina. Svein var forsvarsspelar, Finn og Olav angriparar.

Den som hadde slike ballar å trene og spele med: Veteranane (frå venstre) Finn Ørstavik, Olav Velle og Svein Myklebust minnest store fotballdagar i etterkrigsåra.  Foto: Terje Kjøde

Olav Velle var Olav på Reinå. Under ein kamp mot Hødd i Ulsteinvik sto Ella Mo på sidelinja og ropte Reinå, Reinå. Tilfeldigvis var nokre franske gastar blant publikum. Dei tykte det var strålande at ein franskmann med bilmerkenamn spelte for Ørsta og byrja å rope Renault, Renault. (Renå med trykk på siste staving). Etter det heitte Olav berre Renå/Renault.

Festdagar med hornmusikk

– Kva er forklaringa på at Ørsta fekk fram eit så godt lag i denne perioden?

Dei tre er samde: Me var ei gruppe spelarar som utfylte kvarandre. Me hadde kvar våre sterke sider, me var ulike spelartypar. I tillegg spelte me i lag i fleire sesongar. Me kjende kvarandre. Miljøet var framifrå, og det gav status i bygda å spele på A-laget. Kampane var festdagar. Me hadde garderobe på folkebadet hos Severina Halsen. Så var det buss til stadion. Der vart me møtte med hornmusikk og av fleire hundre tilskodarar. Det er klart at dette var stas. Etter kampane var det samling på Lystadhjørnet. Der kunne kommentarane og kampanalysane vere både rosande og nådelause.

Sparsamt med utstyr

Grunnlaget vart lagt med den såkalla løkkefotballen. Me organiserte oss sjølve med lag som spelte mot kvarandre. Det var eit problem å skaffe ballar. Det gjekk på eit vis, men dagens ungar hadde heilt sikkert nekta å spele med så dårlege ballar som me hadde. Forresten er det feil å snakke om ballar i fleirtal. Me hadde som regel berre ein. Det låg ikkje ballar strødde rundt bana slik tilfellet er i dag.

Finn: Eg hadde ei tante i London. Like før krigsutbrotet fekk me to par boksehanskar og ein ball i julegåve frå henne. Ballen varte heile krigen. Mot slutten var han skikkeleg nedsliten, nærast berre ei fille. Eg tok han med til skomakar Rikard Jamne for å få han reparert. Han smurde inn ballen med tjøre, og dermed hadde den ballen sett sine beste dagar.

Stort betre var det ikkje med fotballsko.

Finn: Eg hadde eit par som var mjuke og sat fint på foten. Eg hadde arva dei etter bror min Rasmus. Knottane var feste med spikar, som ofte gjekk gjennom solen og opp i foten. Blod på strømpene og under tåballane og hælane var ganske vanleg etter ein kamp. Oppmann Harald Dybdal tykte dette var for gale og sytte for at eg fekk kjøpt nye hos Krøvel. Dei var for stive, tykte eg, og gjekk attende til dei gamle.

Svein: Distriktslækjar Berg, som hadde god råd, hadde kjøpt eit par til sonen Gerhard. Eg skulle få låne dei, men det var gutesko, altfor små til meg. Andreas Dybdal, toppskårar med tilnamnet Ga, derimot ville ha dei. For han passa dei perfekt.

Olav: Harald Ose Velle, Sylveig-Harald, hadde fått eit par frå ei tante i Oslo. Dei var for små til han, så eg fekk kjøpe dei for to kroner. Tanta i Oslo forbarma seg over han og sende han eit nytt par. Ein gong spelte me på Vinstra mot laget der. Petter «Pit» Bjørdal stilte i tøysko. Då ropte ein av tilskodarane at dei i pausen skulle halde innsamling til nye fotballsko til han.

Like strømper var heller ikkje noko sjølvsagt. Så trefte det seg slik at disponent Krogh Albertsen på Trico var mellom publikum på ein kamp på Eid, der Ørsta slo heimelaget. Etter kampen kom Albertsen bort og sa at no var nye strømper sikra. Han heldt lovnaden, og på neste trening kom dei, med mønster i svart og kvitt. Me følte oss stilige.

– Korleis var treninga?

Me trena fast berre to gonger i veka. Men me var allsidige. Ski, fjellturar, sykling, turn og litt friidrett kom i tillegg, så den fysiske forma var bra. Både Finn og Olav fortel at dei kvar sin gong tok ein tur på Vallahornet før ein kamp. Då dåverande oppmann Harald Reithaug fekk vite dette om Olav, var han klokkeklar. Ein gong til noko liknande, og Olav hadde spelt sin siste kamp.

– Då melder eg meg inn i Hovdebygda, repliserte Olav.

Trenar frå Danmark

Så fekk laget for fyrste gong ein profesjonell trenar, til og med frå Danmark, frå Hillerød utanfor København. Han var ein flott kar, ein keepertype, hadde visstnok vore innom landslaget. Men det gjekk ikkje heilt slik ørstingane hadde håpa.

Finn: For meg var det ein nedtur. Eg hadde ynskt meg ein trenar som kunne lære oss noko nytt både teknisk og taktisk. I staden vart det nesten berre gamping og kondisjonstrening utan ball.

– Vart de betre?

Finn: Nei. Me vart dårlegare.

Svein: Men han innførte i det minste organisert oppvarming. Det var nytt.

Olav: Eg spelte lenge ving. Så gjekk eg til dåverande oppmann Fridtjof Hånes og sa at eg ville spele indreløpar. Han var skeptisk. «Du må hugse på kor travelt det er», sa han. Eg vart sint og spurde om han trudde eg ikkje hadde kondisjon. Det hadde eg nemleg. Før sesongen hadde eg arbeidd i Svolvær og trena med klubben der. Der sprang me til Kabelvåg og attende og veksla mellom jogg og spurtar, ein samla distanse på over 11 km. Det enda med at eg fekk indreløparplassen, og den sesongen skåra eg 24 mål.

– Er det nokon spelar de vil kalla stjerna på laget?

Finn: Nei. Me var fyrst og fremst eit kollektiv der spelarane sto godt til kvarandre. Andreas Dybdal var den mest erfarne. Han gav oss fine tips og oppmuntringar og var sjølv ein framifrå spelar.

Olav: Om nokon skal framhevast, må det vere halfrekkja med Odd Hansen, Leif Øie og Elias Breivik.

Finn: Ja, Leif Øie var granitt. Knut Osnes, landslagsspelar frå Eid, sa at Leif Øie var den verste senterhalfen han spelte mot.

Svein: Om eg skal våge meg på å peike ut nokon, må det vere Elias Breivik. Ein klok, stillfarande og pålitande spelar.

Støtteapparatet rundt spelarane var enkelt, men skal slett ikkje gløymast. Det er alle tre samde om. Karar som Harald Dybdal, Fridtjof Hånes, Harald Reithaug, Berg Myklebust med fleire var gode leiarar.

Olav: Det var ei fin tid. Eg skulle ha gitt mykje for å leve henne om att.