Hilde utfordra seg sjølv og gjekk Sørøya på langs

– Det var ei veldig meistringskjensle å kome i mål

– Turen har absolutt vore eit minne for livet og eg er veldig glad for at eg gjorde det.

Sørøyapå langs: Hilde Andreassen brukte fem dagar på å gå dei rundt 100 kilometerane det krevst for å fullføre Sørøya på langs. Alle foto: Privat 

No hadde eg også midnattssola og då kan du ikkje bli mørkredde

Hilde Andreassen
reportasje

Det seier Hilde Andreassen etter å fullført Sørøya på langs. 24-åringen frå Ørsta har sidan i fjor vinter vore busett i Finnmark. Der har ho jobba på ein tannklinikk som tannhelsesekretær. Til hausten flyttar ho tilbake til heimelege trakter. Før ho avslutta opphaldet i nord hadde ho eit ønske å gjere noko litt utanom det vanlege.