Påskevêret sprikjer i alle retningar

Alle (års) tiders påske

Snøstorm og peis eller piknik på stranda. Påskevêret sprikjer i alle retningar.

OSLOSOMMER? Nei, bare påsken 2011. Skitur på fjellet virker fjernt under forhold som dette.   Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

reportasje

Det er langt, dette landet.

Medan nokre gleder seg over meterhøg snø, kan andre finne lykka i det første badet for året. Iblant kjem tåka og øydelegg for begge delar.

– Men det har i grunnen alltid vore snø, fortel Ågot Karine Himle.

Påskeparadiset hennar ligg i Bordalen utanfor Voss. Der har ho vore i påsken i heile sitt 77 år lange liv, både som hyttegjest og som vert på tradisjonsrike Rongastovo.

– Det er klart at det er skilnad på mars og april. Vi har hatt nokre vintrar her med halvannan til to meter snø på taket. I april må ein kanskje bere skia inn til løypene, men eg har gått på ski i påsken kvart einaste år så langt, seier Himle.

DRØMMEPÅSKE: Godt med snø, men sol og snilt vær. Slik var det på Strandafjellet skisenter iMøre og Romsdal i påsken 2013.   Foto: Alvik, Halvard / NTB scanpix

Lumsk vårvêr

Påskevêret varierer etter kvar du er. Når på våren påsken er, gir naturleg nok òg store variasjonar i temperatur og snømengd. Den tidlegast moglege datoen for første påskedag er 22. mars, den seinaste 25. april.

Mars og april er dessutan lunefulle månader i seg sjølv, seier klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet ved Meteorologisk institutt.

– Nokre år set våren i gang tidleg, andre gonger kjem han seint. Og det kan vere varmt før minusgradene så kjem tilbake igjen, seier ho.

Klimaforskar Elin Lundstad har samanlikna temperaturar og snødjupne frå første påskedag i Oslo frå 1930 og fram til i dag. I hovudstaden må vi tilbake til 2008 for å kunne rekne påskedagen som ein vinterdag, det vil seie ein dag med snittemperatur under 0 grader.

Surt og kaldt har det likevel vore fleire gonger, både i hovudstaden og andre stader.

DØDSÅRET 1967: 17 mennesker omkom på ulike steder i fjellet. Uværet kom brått, og påskens redningsaksjoner var vanskelige.   Foto: Henrik Laurvik

 

Vinterpåsken 2018

Vinteren i fjor overraska med rekordmykje snø og kulde i store delar av landet.

I starten av mars hadde Folldal i Hedmark minus 41,8 grader. Vêrmessig vart påskeferien mest som ein vinterferie. Og påskevêret i Trondheim baud på fleire kalde dagar på rad enn byen hadde opplevd sidan 1901.

I Oslo var første påskedag med 43 centimeter snø den tredje meste snøriket målt frå 1930 og fram til i dag, berre slått av første påskedag i 1951 (63 centimeter snø) og første påskedag 1985 (44 centimeter snø).

– Det beste påskevêret nokosinne! ropte folk med eit hjarte for vinter i fjor.

Resten venta stille på ein ny sjanse.

AV DE KALDE: 2008 var tidlig og sur på Gaustadblikk, med en halv meter nysnø og bitende vind.   Foto: Eeg, Jon / SCANPIX

 

Sommarpåske i 2003 og 2011

Påskeaftan 2004 var Kjerstin Berby Johansen ute og plukka ein stor bukett med kvitveis. Til å vere 3. april var det uvanleg tidleg, sjølv i det milde kystklimaet i Vestfold. Det stadfestar notata i dagboka hennar.

Men 2003 og 2011 peikar seg spesielt ut.

– Dei åra sat vi ute til ni om kvelden i påsken. Ein gong måtte eg ned til byen og kjøpe meg nye sandalar. Det var altfor varmt i joggesko!

For Berby Johansen er det få ting som er betre enn å vere heime i Stavern.

– Byen er full, det er som å gå på Karl Johan, med utstillingar på Fredriksvern og tre som er pynta med påskeegg frå barnehagane. Eg går tur, plukkar blåveis og kvitveis, luktar på sjøen og treffer folk. Og så bruker eg litt av tida mi på å passe på utstillingane «nede i leiren», som vi kallar det. Det er heilt herleg.

I 2011 fall påskedagen 24. april. Det året hadde Åfjord i Trøndelag 22,6 grader påskeaftan, medan det var over 20 grader fleire stader i Sør-Noreg.

Like sommarleg var det i påsken i 2003, då første påskedag var 20. april. Også dette året vart det sett varmerekordar på 20-talet heilt nord til Trøndelag. Aller varmast var det i Nesbyen i Hallingdal med 21 grader langfredag. Nordland hadde òg uvanleg høge temperaturar, med 18,3 varmegrader første påskedag i Saltdal i Nordland.

1949: 14. april i Oslo og badedraktene er allereie funne fram. Året baud på ei usedvanleg varm påske.   Foto: NTB scanpix

Vår?

Medan ein sommardag krev temperaturar som tangerer 20, er ein vinterdag definert som ein dag med døgnmiddeltemperatur på 0 eller mindre.

Ein vårdag blir definert som ein dag med snittemperatur mellom 0 og 10 varmegrader. Det er dermed liten tvil om kva for ei årstid som vanlegvis pregar dei sentrale og lågareliggjande delane av landet i påsken. Ni av ti påskedagar målte i Oslo frå 1930 og fram til i dag har hatt vårtemperatur.

Men vårfølelsane finn vi over alt.

– Ein hugsar jo stort sett dagar med sol, seier Ellen Nyhus på Kongsvold Fjellstue på Dovre.

Kongsvold ligg 900 meter over havet, på vêrskiljet mellom vest og aust, men også på eit skilje mellom nord og sør. Vêret skiftar fort og byr på det meste, men Nyhus er sikker på at det har vore dagar med sol kvar einaste påske.

– Og påskeskirenn har det alltid vore!

Endringar

Generelt har det nok vorte litt mildare med åra, meiner Ågot Karine Himle, ut frå det ho hugsar frå eit heilt liv med påskefeiring i fjellet på Voss,

– I dag blir liene grøne og det kan vere lauv på bjørka før 17. mai, seier ho. – Det skjedde ikkje på 1960- og 1970-talet.

Heilt svingstong

I 2005 kunne Adresseavisen fortelje om rekordvarm påsketemperatur på Røros, med 13,2 grader langfredag 24. mars. Då hadde temperaturen stige med nesten 53 grader sidan botnrekorden på 39,4 minusgrader 2. mars same år.

Kjelder: Meteorologisk institutt, NTB, Adresseavisen, Østlendingen, bebuarar på Voss, Dovre og i Stavern.