Mohamed Alfhel (20 år) er flyktning frå Syria og elev på norskopplæringa ved Ørsta opplæringssenter på Ripateigane. Han og familien hans har budd fire månader i Noreg, dei to siste i Ørsta. Mohamed har lært seg å snakke norsk på rekordtid.
– Eg øver meg på fritida. Kvar fredag sparkar eg fotball saman med norske jamaldringar og snakkar med dei. Eg vil utdanne meg til elektrikar. Då må eg ta grunnskuleeksamen her på vaksenopplæringa, to år på vidaregåande og deretter to år som lærling for å få fagbrev. Eg har praksis frå elektrikarfaget i Libanon.