– Håper vi får mange gode år i huset

Begge fylte 80 tidleg i år. No er Aase og Per Roland i full gang med husbygging på Ulstein.

- Eg vaks opp her, med denne utsikta, fortel Aase Svendsen Roland. Ho var sytten år då ho flytta frå garden på Ulstein. No nyggjer ho go mannen, Per Roland, eit flunkande nytt hus ikkje langt frå heimgarden.   Foto: Linda Eikrem

reportasje

(Vikebladet)–Eg vaks opp her, med denne utsikta, fortel Aase Svendsen Roland og ser utover Ulsteinfjorden. Til våren flyttar ho og ektemannen inn i det flunkande nye huset på Ulstein, som grensar til garden der Aase vaks opp.

- Vi hadde eigentleg bestemt oss for eit meir tradisjonelt hus, men ombesteme oss i siste liten, fortel Aase Roland.  Foto: Linda Eikrem

Det er 63 år sidan ho reiste frå bygda for å gå på Eid gymnas. Ho, som fekk tuberkulose som 4-åring, utdanna seg til lege og tok seinare spesialisering innan psykiatri.