Flykta frå havskodda i Ørsta til Hornindal

Når havskodda kjem sigande over Ørsta, «flyktar» ekteparet Alise Bjørdal og Arve Hovdenak til hyttegrenda Harevadet i Hornindal.

Hytteidyll: I Harevadet i Hornindal har ekteparet Alise Bjørdal (52) og Arve Hovdenak (53) realisert hyttedraumen. Ørstingane er mellom mange frå Søre Sunnmøre som har bygt hytte i det populære feltet.  Foto: Roy-Arne Folkestad

reportasje

Her inne finn vi roa. Her er stabile snøforhold og eit flott turterreng. Nei, vi kan ikkje ha det betre i eit hyttefelt.

Det er skitvêr når vi møter Alise og Arve i hytta deira heilt øvst i den populære hyttegrenda i Hornindal. Men inne skin sola for divisjonssjefen i Mørenett og kona som er lærar.