Jostein Bjørdal i Bjørdalen fortel at tranene kom til området for fleire tiår sidan.

– Eg kan hugse at det dei fyrste åra var ei trane som var her, og sidan har det vorte eit par. Eg har aldri sett at dei har hekka, og fått fram ungar, fortel Bjørdal.

I Bondalen: Dette biletet vart teke i 2014 rundt jonsok. Då beita paret på Myrholen i Bondalen.

Men det har skjedd ved eitt høve, i alle fall.

– Det er observasjon på at dei har fått fram ein unge for eit par år sidan. Og året før det vart egg klekte, men ungane levde ikkje opp, fortel ornitolog Alv Ottar Aklestad.

Han fortel at det ikkje berre er eitt par i området Bondalseidet/Bjørdalen, men to.

– Tranene har dei siste åra spreidd seg. Dei har vorte freda, og det har gjort at bestanden har auka. Det er fleire koloniar på Vestlandet, både i Indre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, og i Romsdal og på Nordmøre. At dei no også har etablert seg i Ørsta, er som ein knipetangsmanøver, fortel Folkestad.

I flukt: Fotografen skal ikkje kome for nær før fuglane tek fluktvegen.

Overvintrar i Spania

Tranene som kjem til Vestlandet overvintrar i grenseområda mellom Spania og Portugal. Når våren kjem, reiser dei i flokk nordover i Europa.

– Fyrst til Tyskland, der dei deler seg opp, og nokon reiser nordover, og andre austover. Det er ein stor flokk som kjem til Sør-Sverige, kanskje opp i tjue tusen fuglar, der dei har den kjende tranedansen før dei deler seg vidare, fortel Folkestad.

Tranepara er veldig territorielle, og når dei har funne sitt område, kjem dei tilbake, år etter år.

– Kvar dei har reira sine, har eg aldri funne ut, om det er ved Dalsvatnet, eller om det er ved Videtjørn. Eg trur mest det er ved Videtjørn, fortel Jostein Bjørdal.

Alv Ottar Folkestad fortel at tranene har reira sine i myrlendt terreng.

– Det er for å verne seg mot farar. Den største fienden dei har lokalt, er raudrev. Han tek ungane, og kan også gå til åtak på vaksne dyr, sjølv om tranene er store, og flinke til å forsvare seg. Nebbet til tranene er eit skikkeleg våpen, og dei kan verte veldig aggressive, fortel Folkestad.

Et smågnagar

Næringsgrunnlaget til tranene er både vegetabilsk og animalsk.

– Under hekkesesongen er det animalsk. Dei kan jakte på smågnagar og froskar, men elles kan dei også beite på gras, fortel fugleeksperten.

Trana er skifergrå med lange bein og lang hals. Hovud og hals er svarte og kvite. Ho har ein raud isseflekk som er meir brunleg hos ungfuglar. Armdekkarane på vengene er forlenga og dannar ein strutseliknande stjert.

Storleiken på fuglane er på 95–120 cm og dei veg omkring 4,5–6,1 kilo, avhengig av kjønn og underart. Enkeltindivid kan verte opp mot 130 cm høye. Vengjespennet er normalt 180–200 cm

Trana utstøyter høge trompetskrik, «kråå», som ber fleire kilometer. Ho hekkar på myrer i barskog- og bjørkeområde, og det er flest av den i Sør-Noreg. Talet på fuglar aukar og det gjer òg utbreiinga. Tranene overvintrar i Spania og Sør-Frankrike. Fuglen et insekt. krypdyr, amfibium, mus og plantedelar.

– Det har vist seg at tranene er mykje flinkare til å tilpasse seg menneske enn tidlegare. Dei kjem dit det er kulturlandskap, og nyttar seg av dette, fortel Folkestad.

Han trur det kan verte fleire traner i området etter kvart.

– I liten grad konkurrerer dei med andre artar. Dei kan ete andre fugleartar sine ungar, men det er ikkje av eit slikt omfang at det er noko problem, seier Folkestad.

I Lufta: Tranene har eit stort vengjespenn.