Snus. Snus overalt. Små fuktige posar som har lege under leppene til ørstingane for deretter å hamne på bakken. På fortau, i gater, i busker og kratt. Det er reine snusepidemien. I vinter trygt forvara under eit lag med kvit, rein snø. Men alt kjem alltid opp i dagen.

– Men det er færre sigarettsneipar, konkluderer alltid like positive kommunegartnar Olav Saure.

Det er jo noko.

Men for han sjølv og dei fire medarbeidarane i parkvesenet er det mykje arbeid i å plukke opp boset til andre. Ein jobb dei gjerne skulle ha vore forutan, all den tid dei har meir enn nok av andre oppgåver dei gjerne skulle ha prioritert. Våren er hektisk når du har ansvaret for ein kommune med eit areal der kongeriket Liechtenstein får plass fem gonger. Over 800 kvadratmeter skal klargjerast til sommaren.

– No skal vi ikkje rydde alt. Men der er nok av kommunale område å ta tak i, seier Saure.

Støvtørkaren: Sand, grus og støv har lagt seg som eit tjukt dekke over vintertrøytte gater. Kent-Inge Vatne sørgjer for vårpussen og gjer gatene klare for låge sko og vårlege aktivitetar. Det er ikkje få kilo maskina får med seg kvar dag.

Denne veka er det gågata Vikegata som har fått sommarsveisen på. Det sikraste vårteiknet er lyden av kostebilen. Uteseksjonen til kommunen er også i sving. Tonnevis med støv, grus og sand vert soge inn i maskineriet. Den lange vinteren har sett sine spor. Men så var det alt dette boset. Det må handplukkast.

– Ser det ustelt ut, innbyr det til både hærverk og meir forsøpling. Er det ryddig og fint, har det ei god smitteeffekt, erfarer Saure.

Han seier at det er eit fåtal av «folk flest» som rotar. Dei gjer seg likevel flid nok. Ein kjenning er dei som likar å halde det ryddig i bilen.

– Så opnar dei bildøra og slenger alt rett ut på bakken.

Restar av isoporbokser vitnar om raske middagar. Plastflasker, papir og plastposar. Og ein av dei større syndarane: hundeposar dandert flott rundt i ulike turområde. Helst med innhald.

Effektive: 11 stader i Ørsta er det sett ut stativ med hundeposar, slik at hundeeigarar kan rydde opp etter sine firbeinte. Det har hatt god effekt. Kommunegartnar Olav Saure vert også ekstra glad om posane vert lagt i boset – sjølv om posane er nedbrytbare.

– Det klarer eg ikkje å forstå. Når du tek deg bryet med å plukke opp hundeskiten, så må vel poenget vere å legge det i ein bosdunk.

I fjor kom det opp 11 stasjonar med hundeposar i Ørsta kommune. Her har hundeeigarar på tur lett tilgang til posar for å plukke opp etter sin firbeinte ven. Posane er også nedbrytbare, om dei mot betre vitande skulle bli liggande att ute i naturen.

– Det har kome seg litt etter at vi sette opp desse stativa, men der er framleis forbetringspotensial.

Ryddinga held fram. Sesongen byrja seint i år på grunn av ein standhaftig og kald vinter. Dei er i tidsnaud.

Smårusk: Gågata i Ørsta får siste shining til våren. Britt Hilde Rekkedal kommanderer karane Olav Saure og Inge Færø.

– Vi gjer vårt beste for å nå rundt, men vi er ikkje i rute. Vi vil ta vår del av jobben, men samstundes oppmode alle om å rydde i sitt nærområde.

I samband med aksjonen «Hele Norge rydder» er det mange som har meldt frå om at dei vil bidra. Skulane vil stille opp og gjere det fint rundt skuleområda sine fram mot 17. mai. Sjølve aksjonsdagen er 3. mai. Då skal det ryddast både i strandsoner og i lokalmiljøa i heile Noreg.

Dei som plukkar i sitt nærområde i Ørsta og Volda kan få delt ut bossekkar og hanskar frå reinhaldsverket.

– Vi håper folk vil brette opp ermene og gjere ein innsats. Vi er kjempeglade for all hjelp, og ingen mislikar vel å ha det ryddig rundt seg, seier Saure.

Når alt er rydda er det blomane som skal ut.

– Men der har vi ei litt dyrekjøpt erfaring. Eit år planta vi for tidleg, og då fraus blomane, så dei stod her i svart heile sommaren. Så no ventar vi til etter 17. mai.

Og det kan kanskje vere eit lite tips for fleire. Sjølv om våren er komen, luskar Kong Vinter i buskene – saman med ei snusbleie eller to.