Fleirtalet i fylkestinget avviste denne veka å auke takstene på ferje og kollektivtrafikk, noko som førebels gjer at kutta i samferdselssektoren ikkje råkar oss på Søre Sunnmøre. I staden for å kutte på samferdsle, vil Høgre, Framstegspartiet, KrF og Venstre kutte i administrasjonen i fylket.

Førebels kan reisande puste letta ut, og det kan høyrest ut som eit godt grep, dersom det gjer at ein unngår færre ferjeavgangar, billegare billettar og lapping av fylkesvegane. Men der er eit stort men.

Økonomien i Møre og Romsdal fylke er i krise. Statistisk sentralbyrå sine nøkkeltal for rekneskapa til norske fylkeskommunar viser at den langsiktige gjelda i vårt fylke er heilt i landstoppen. Den tøffe realiteten er at fylkeskommunen i år må ut med 765 millionar kroner i renter og avdrag, og framtida er heller ikkje lys: Dette aukar til 840 millionar i 2027, ifølge anslaga.

Kven som har skulda for den høge gjeldsgraden, kan ein krangle lenge om, og vi gir ikkje skulda verken til raud eller blå side. Den sitjande koalisjonen kjem uansett ikkje unna ansvaret for å løyse krisa som har oppstått.

Skyhøg gjeld og dårlege inntekter er ein vond kombinasjon, når vi veit at vi gjennom geografien har eit dyrt kollektivtilbod og eit krevjande vegnett å vedlikehalde. Nye prognoser viser at det no berre innan samferdslefeltet går mot ein inntekssprekk på 60 millioner kroner i Møre og Romsdal.

At gruppeleiar Monica Molvær tyr til håp om eit nytt ferjeopprør for å få kontroll, er ikkje betryggande. Når planen går ut på å kutte opp imot 50 stillingar i fylkeskommunen, så er det på ingen måte nokon trylleformel. Når fylkeskommunedirektøren, som tidligare har vore Høgre-politikar og næringslivsaktør, advarer mot å skjere ned på ein allereie pressa administrasjon, så bør ein lytte til dette. Ho veit at dette ikkje er å kutte i byråkratisk daukjøt, men at det vil få dramatiske konsekvensar for drifta av samfunnsviktige tenester.

Stoda er såpass dramatisk at det er ein reell fare for at fylket må setjast under offentleg administrasjon, noko som kan skje allereie før året er omme. Tvilen knytt til at politikarane har kontroll, er iallfall blitt kraftig svekka denne veka.

Om ikkje politikarane tek ansvaret, så er det kan hende like greit at fylket vert sett under administrasjon. For mange av innbyggjarane vil det faktisk vere bra, sjølv om det er ei falitterklæring og ein fiasko for dei folkevalde.