StikkUT! Heile Norges turtrim frå 2024 og satsinga i Ørsta held fram Møre og Romsdal har suksess med den store oppsluttinga frå folk som likar å gå tur. Naturen er den største «idrettshallen» vi har. StikkUt er motivasjon for mange og svært populær turtrim! Alle kommunane på Sunnmøre har eit mangfald av turstiar både på fjellet, ved sjøen og i nærområda. Turstiar har ein stor verdi for innbyggarane sin livskvalitet, fysisk og psykisk helse.

I Ørsta har vi 21 StikkUt turar i år, og den mest brukte er Fonnvernet. I 2022 var det 1238 personar som registrerte 6177 turar på Fonnvernet. Deretter kom Ytrehovdeåsen, gapahuken Osdalen, Rjåneset og skogsvegen til gapahuk på Sæbø. Varierte turar er viktig, og enda fleire nærturar blir etterspurt, der ein også kan trille på tur. Dette må vi arbeide vidare med. Til dømes har Fyrlykta på moloen i Volda sentrum no blitt StikkUt tur. Kommunen ved folkehelsekoordinator tek gjerne i mot forslag. Å gå regelmessig tur gir positiv helsegevinst, og kvart steg tel! StikkUT har vore Møre og Romsdal sitt «varemerke», men skal no bli heile Noregs turtrim frå 2024! På mange stiar kan det bli hard slitasje og vedlikehald trengst. Sunnmøre Friluftsråd har oppretta eit eige fond, StikkUt Stifond, som lag, foreiningar, grunneigarar, frivillige som er knytte til StikkUt gruppa eller StikkUt-kontakta i kommunen kan søkje på, opp til kr 15 000.

Ørsta Arbeidarparti vil styrke turstiar og badestrender rundt om i heile kommunen, og tok initiativ til sak i kommunestyret 15. juni.

Det vart samrøystes vedteke å sette av kr 750 000 på investeringsbudsjettet til turstiar i nærmiljøet, gapahukar, badestrender, sittegrupper og parkar/apparat. Dette er tiltak som stadig må forsterkast, planerast, fornyast og utviklast. Alle tiltak må ha universell utforming som strategi. Levekårsutvalet med innspel frå RFF (Råd for likestilling av funksjonshemma), Ungdomsråd, Eldreråd kan fordele midlane etter søknad.

I vårt program fokuserer vi på dette under punktet Ørsta, ein kultur- og folkehelsekommune, gode turstiar og treffpunkt for folk som gjerne vil møtast på tur.