Eg stiller meg svært undrande til ordførarkandidaten for Senterpartiet Tove Halse Digernes sine uttalelsar i Møre Nytt tysdag 11. juli angåande samarbeidet med Frp dei siste 8 åra, der ho seier at: Frp står ikkje for eit godt samarbeidsklima, og at representantar for partiet hakkar på andre. Frp går til krig mot administrasjonen og har meiningar i kommunestyret og i media som det er vanskeleg å forholde seg til. Tove halse Digernes seier på spørsmål frå Møre Nytt at det er vanskeleg å svare på spørsmål om korleis samarbeidet med Frp har vore.

Eg synest at desse utalelsane er urettvise, samstundes som eg undrar meg over at dei kjem no etter 8 år med samarbeid, der eg vil hevde at Frp har vore konstruktive i samarbeidet med Sp. Noverande Ordførar Stein Aam har ved fleire høve uttalt at han har vore svært nøgd med samarbeidet i koalisjonen. At det er ulike oppfatningar av saksframlegging frå administrasjonen, eller at vi har meiningsutvekslingar i ulike politiske saker er berre ein styrke for demokratiet og gir grunnlag for å skape gode politiske løysingar.

Vi er innvalgt av folket i Ørsta med bakgrunn i vårt partiprogram og vår politiske ståstad. Vi ser det då som svært viktig at folkemeininga er noko som vi heile tida må bringe inn i debatten.

At ein skal samarbeide med, og ha tillit til administrasjonen er utan tvil også grunnlaget for å få til gode løysingar. Men det er lov å ha meiningar som går på tvers av både andre poitikarar og kommuneadministrasjon. Det må vere lov å uttale seg klart og tydeleg i saker der ein meiner å kunne dokumentere i kraft av både fakta og sunn fornuft at andre tek feil.

Ordførarkandidaten til Sp meiner at Frp går til krig mot administrasjonen, med bakrunn i at det er uttalt frå Frp at ein vil ta tilbake den politiske styringa. Kommunestyret er det høgste organet i kommunen og kan instruere administrasjonen om å utføre lovlege vedtak som er fatta her. At Frp då seier at ein politisk må ta tilbake styringa er svært viktig for at vi skal kunne ha eit demokrati der fleirtalet av politikarar set agendaen og tek beslutningane.

Frp si erfaring med å samarbeide med Sp har vore interessant, vi er to parti som har hatt konstruktive diskusjonar der vi har fått til mange gode saker og politiske løysingar. Vi har hatt våre harde diskusjonar, men alltid vore venner sjølv om vi har vore ueinige i enkeltsaker.

Så avsluttar Digernes med at Frp vil slanke administrasjonen og vil ha fleire hender ut til tenesteyting, noko som er virkelig god Frp politikk. Men avsluttar med at dette går ikkje uten at administrasjonen styrer ???

Frp har klare meiningar og vil vere tydelege i den politiske debatten. Det er viktig for at vi skal bli forstått av administrasjonen , det er viktig for at velgarane ser kva vi står for, og det er viktig for at andre politikarar er klar over Frp sin politikk.

God Sommar og godt val.