Alle auga er festa på skjermane. Dei følgjer spent med, klare til neste oppdatering. Samtalen flytt lett gjennom lokala. Orda vert som susing. Ubetydeleg skravl i vente på det dei alle eigentleg er her for – valet. For nokon er dette blodig alvor, for andre berre moro. Snart skal det avgjerast kven som skal sitte i kommunestyret dei neste fire åra. Spenninga er til stades. Det er nesten som ho stryk deg over panna, legg handa om skuldra. Klemmer litt.

Snart skal det avgjerast. Snart er resultatet klart.

Slik førestiller eg meg valvakene i Ørsta måndagskveld. Ein spenning og eit alvor samla, slik at ein kan ta på ho når ein kjem inn i rommet.

Valet i Ørsta kommune 2023 har vist seg å skape heftige diskusjonar i lokalsamfunnet. Både i Møre-Nytt, i Facebook-kommentarfelt og på kaféar. Slik som alltid blei nokon misnøgde med resultatet – kven skulle trudd.

Eg er ein av dei.

Det nye kommunestyret sin yngste representant er fødd i 1992. Ho er elleve år eldre enn meg. Det er like mange år mellom oss, som det var personar under 30 år som stilte til val.

Kven i det nye kommunestyret skal representere oss unge? Ja, nokon vil kanskje meine at både Cindy Helen Hoddevik og Synnøve Marie Sætre er svææært unge. Dei er jo trossalt i byrjinga av 30-åra. Det kan eg forsåvidt vere einig i, men dei veit ingenting om korleis det er å gå på skule i Ørsta i dag. Dei veit ingenting om korleis det er å vekse opp som ungdom i Ørsta i dag.

Det er ingenting med liva våre som er like. Eg er student. Eg bur på hybel. Eg reiser med kollektiv transport. Cindy og Synnøve er unge vaksne. Eg kan tenkje meg at dei er i fastjobb, og ferdig utdanna for fleire år sidan. Dei har sikkert eige hus, eige bil og kan handle inn til middag utan å vurdere om dei har råda til den turen til Oslo for å besøke vennane deira likevel. Me er på ulike stadie i livet.

Det eg vil fram til er ikkje å henge ut desse politikarane – tvert i mot! Dei er dyktige. Me treng unge vaksne i politikken. Men me treng også ungdommen i politikken, og då meiner eg faktisk ungdom. Ikkje Fred på 42 som gjekk på ein barneskule som no er nedlagt.

I denne kommunen har me eit ungdomsråd. Eg har sjølv sitte i dette rådet, både som leiar og nestleiar. Det var givande, men og utfordrande. Ein ting me ofte opplevde var å få eit klapp på skuldra for at me engasjerte oss. «Dykk er flinke» blei det sagt. Me opplevde sjeldan at me vart lytta til. Heldigvis er der stemmer i kommunestyret som er opptatt av dette. Politikarar som vil bruke seg av ungdomsrådet.

Så, kjære Ørsta kommunestyre 2023-2027:

Ver så snill, bruk ungdommen! Lytt til dei. Gjer Ørsta til ei kommune der ungdommen kan engasjere seg, ikkje fordi dei må, men fordi dei kan.

Ver vårt kommunestyre. Ver eit kommunestyre for alle, ikkje berre for dei over tretti.

Tare Reklev Øverbø

Artikkelforfattaren er tilknytt Møre-Nytt som frilansjournalist. Red. merknad.