Eg har vore kunde i banken i over 70 år, 50 av desse åra også som bedriftskunde.

Har i tillegg vore tilitsvald i banken i mange år, mellom anna som styreleiar i 7 år. Dette er ikkje første gongen banken har vore i fusjonsforhandlingar. I mi tid som styreleiar på 80-talet gjekk det ei fusjonsbølge over Sunnmøre som førte til at Sparebanken Møre vart skipa.

Eg var leiar for banken i desse fusjonsforhandlingane som gjekk over lang tid (2år), og som enda opp med at vi saman med Ørskog Sparebank sa nei.

Det var kravet om å oppretthalde lokalavdelingane på Vartdal, Sæbø og Ørsta med lokale styre som avgjorde at Volda og Ørsta Sparebank den gongen sa nei til fusjon. Dette kravet kunne/ville ikkje Sparebanken Møre akseptere.

Dette var ei løysing som heile banken, ledelse, tilsette og kundane støtta opp om. Vi kan alle tenke oss kor mykje fattigare bankmarknaden i Volda og Ørsta hadde vore med eit ja den gongen.

Banken har hatt ei rivande utvikling som sjølvstendig bank i alle desse åra. Den har vore ein god og nyttig pådrivar, støtta opp om utvikling, og skapt grunnlag for mange gode arbeidsplassar. Dette bør ein lære av.

Ein fusjon er eit dramatisk steg og kan ikkje reverserast. Det må vere svært tungtvegande grunnar bak eit fusjonsvedtak, og dei som skal gjere vedtaket bør tenke nøye gjennom konsekvensane av at makta/beslutningane som i dag ligg lokalt, i stor grad vert flytta til Trondheim.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har lokal forankring og lokal identitet som sine viktigaste kjenneteikn og konkurransefortrinn. Banken framstår i dag veldig positivt med: - Gode resultat - God marknadsdekning - Ein viktig katalysator i lokalsamfunna. - God kjennskap til folket, næringslivet og distriktet.

For meg dreiar dette seg også om flest mogleg lokale arbeidsplassar, mest mogleg lokal kompetanse og flest mogleg lokale skattekroner. Er det noko ein har tydeleg lært av bankfusjonar opp gjennom åra, så er det at dei fører til nedbemanning og tap av lokal kompetanse.

Fine intensjonsavtalar om det motsette er truleg ikkje mykje verdt om 2-3 år.

TOR OLSEN