Kan eg bu i Ørsta?

Som ung er det mange brikker som skal på plass før ein kjenner seg som vaksen på ekte. For mange unge vaksne er den vanskelegaste brikka å få råd til å eige sin eigen bustad. Vi som er unge kan ha vanskar med å skaffe nok eigenkapital om vi vil kjøpe bustad, og endar ofte opp på leigemarknaden og betaler til private utleigarar.

Eg ynskjer å få meg jobb i Ørsta og bli buande i Ørsta. Då treng eg også ein stad å bu og vil gjerne kjøpe min eigen bustad. Det hadde vore supert om kvar einaste husleige gjekk inn i ein eigenkapital som gjorde meg økonomisk rusta til å kjøpe bustaden etter nokre år.

For meg som ungdomspolitikar i Ørsta senterparti har det vorte ei fanesak å jobbe for “leige til eige”-ordningar som ein kan etablere i kommunene. Dette er vanleg i mange kommuner rundt i landet. Husbanken gir startlån til kommunen, som igjen kan låne ut dei som t.d. skal kjøpe bustad eller utbetre bustad, og som ikkje har nok eigenkapital til å få lån i bank.

Både kommunen og private utbyggjarar kan etablere leige til eige-bustadar. I juni gjekk kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik ut og sa at regjeringa vil gjere det enklare å eige sin eigen bustad. Eitt av tiltaka vil vere å auke andelen leiligheiter i nye prosjekt som kan selgast som leige til eige frå 20% til 30%. Dette hadde gjort det lettare for ei betydeleg gruppe i befolkninga som drøymer om å kome seg inn på bustadmarknaden og eige sin eigen bustad.

Eg er spent på om eg får oppleve å få på plass bustadbrikka i puslespelet neste haust, når eg kanskje er klar for å etablere meg i bustadmarknaden og verte vaksen på ekte.

Ida Digernes Aarskog (21)

Listekandidat Ørsta senterparti