Humoristen frå Nørestranda summerer opp førti år som avisteiknar i boka «Den norske fortellingen. Fire tiår slik en tegner ser det» (Vigmostad & Bjørke). Roar Hagen starta i Sunnmørsposten, fortsette i Stavanger Aftenblad og har sidan 1986 teikna for VG.

I Stavanger tok Hagen over etter Henry Imsland. Veteranen gav Hagen det rådet «at hvis jeg ville ha det morsomt i et land med sosialdemokratisk hegemoni, måtte jeg innta en lett uavhengig reaksjonær tilnærming om jeg ikke ville havne på parti med makten».

Det var eit godt råd, synest Hagen. Men reaksjonær? Nei, det får han ikkje skryte på seg. Det får halde med høgrevridd i Kringkastingsrådet sin definisjon.

Forklarar

Spott og spe og satire har tradisjonelt tilhøyrt venstresida. Det er naturleg. Den beste humoren sparkar oppover. Mot makta.

Men når venstresida har makta, eller hegemoniet, som Imsland sa, kva då? Kan blårussen lage russerevy … ?

Akkurat no prøver korrespondentar og politiske kommentatorar å forklare fenomenet Donald Trump for forbløffa europearar. Men ingen gjer det betre enn teiknaren Lisa Benson, som vi møter i Dagbladet. Benson sitt blikk på USA er Trump sitt blikk. Og i ein augneblink forstår vi korleis halvparten av veljarane i USA ser på heimlandet og omverda.

På sitt beste filtrerer og fortettar teiknarane samtida og viser oss fragment vi ikkje såg eller la vekt på. Og plasserer nissen på lasset. Slik hjelper teiknarane oss å forstå kvarandre og gjer den politiske samtalen meir konstruktiv.

Kunst

Roar Hagen har levert bidrag til forståinga og interessa, til demokratiseringa rett og slett, i førti år. I boka viser han teikningar frå heile karrieren. Han legg vekta på den politiske kommentaren, på augneblinksbileta. Den kunstnarlege åra som Hagen også har, kjem lite og inkje til syne. Ikkje for det: I eit avsluttande kapittel drøftar Hagen om avisteikningane også er kunst.

Han svarar at teikningane er «i utkanten av den seriøse kunsten, men ikke utenfor». Hagen viser i så måte til at han er innkjøpt av offentlege museum.

Ytringsfridom

Han har ein skarp penn. Men pennen er klart betre når han teiknar enn når han skriv. Difor er det også litt synd at bokbunaden prioriterer teksten framfor teikningane. Ikkje minst fordi Hagen, paradoksalt nok, er ein tekstdriven politisk teiknar i den forstand at han ofte utstyrer figurane med snakkebobler eller undertekst. Men i boka vert fleire teikningar prenta i så lite format at det er vanskeleg å tyde desse boblene utan skarpe briller.

Om teikningane i boka er henta frå heile karrieren, så er teksten nyskriven. Hagen deler raust sitt syn på Noreg og verda. Anten han koketterer med ein haugianske oppvekst på Sunnmøre, raljerer over 68-arane sine fridomsideal eller kallar Israel «et vanlig land».

Han er best når han drøftar ytringsfridommen og den politiske satiren sine vilkår. Då er Roar Hagen på heimebane, og han tenkjer klokt om retten til å kritisere ikkje berre makta, men også ideologiar og livssyn.

Sidemål

Av og til er det vanskeleg å fylgje Hagen i teksten. I kapittelet «Hvem er vi?» konstaterer han at Noreg er «et land som balanserer mellom stormanns-galskap og mindreverdighetskompleks. Vi vil så gjerne spille en stor internasjonal rolle, men er komisk nok mest opptatt av å slå svenskene der det er mulig».

Men kven er desse vi som vil spele så stor rolle? Det kan ikkje vere folk flest. Kommentarfelta er breiddfulle av folk som kritiserer Noreg sine internasjonale engasjement. Her ser det rett og slett ut som teiknaren gløymer Imsland sitt råd og identifiserer seg med ein maktelite i hovudstaden.

Slik vert Hagen sitt blikk på verda og samtida eit Oslo-blikk. Det er ikkje så rart. Han har arbeidd halve livet nært makta i hovudstaden. Difor er også boka skriven på sidemål.

Støre

Så til ein sosiologisk (?) analyse: Kvifor er Jonas Gahr Støre den mest foraktelege figuren i Hagen-universet? Som utanriksminister under striden om Muhammad-teikningane valde Gahr Støre «dialogue» framfor konfrontasjon. Roar Hagen teikna statsråden utan ansikt.

Men dagens Støre-figur refererer ikkje til Muhammad-striden. Rett nok står han fast på sitt «dialogue», men i Hagen sin strek gjer han det med flosshatt og med ein stresskoffert som struttar av pengar. Her må vi hugse på Støre sin bakgrunn. Han voks opp på beste vestkant, arva ein formue og utdanna seg på beste studiestadene i Paris og London. Etterpå fekk han tilbod om jobb i Høgre, men valde Arbeidarpartiet. Denne klassereisa har ikkje Roar Hagen tenkt å tilgje med det første.

Nissehuemannen

Fortener Roar Hagen si oppsummering ein plass under juletrea? Definitivt! På sitt beste spiddar han Noreg og nordmenn på pennen der det gjer mest vondt. Og vi er så heldige i Noreg at vi enno ikkje lever i kvar sitt ekkokammer. Somme av teikningane har såleis funne vegen inn i vårt felles medvit og bidratt til forståinga av kven vi er.

Ingen kan gløyme teikninga av nissehuemannen som vert dulla med av Carl I. Hagen og Thorbjørn Jagland og er så mett at han begynner å bli alvorleg irritert …

Eller nissehuemannen i jolla; han som ropar hurra når slepetauet til oseandamparen Europa slitnar. Akkurat den teikninga har fått ny aktualitet. Med Andy Capp i jolla.

Skjalg Longva

Roar Hagen