Det har vore planlagt å bygge ny skule på Legene sidan skulen i Follestaddalen vart nedlagt, og Åmås skule vart friskule. Dette er no 20 år sidan! Gong på gong har våre folkevalgte stått i valkamp med tomme løfter om både skule og byggefelt.

Vi har nettopp hatt kommuneval. I valkampen vart vi atter ein gong lova at vi skulle bli prioritert.

Høgre har i sitt partiprogram for dei komande fire åra at dei skal legge til rette for bustader i heile kommunen, og at dei skal bygge ein ny skule på Legene. På same måte lovar Senterpartiet at dei vil sørge for byggeklare tomter i heile kommuna, og at dei skal jobbe for eit samlande skuletilbod på dalane. FRP seier at dei ynskjer å halde liv i bygdene. Dei seier det er viktig for kvart enkelt lokalsamfunn å ha primærtjenester nær seg. FRP ynskjer også vekst i heile kommunen. SV seier også i sitt partiprogram at dei ynskjer ein ny skule på Legene. Dette er orda til det politiske fleirtalet i Ørsta kommunestyre. Er dette allereie gløymt?

Vi vil minne våre folkevalde om kva dei gjekk til val på. Og vil påpeike at det er forsvinnande kort tid sidan de sto i samla flokk og ga desse løfta. På same måte som de lovde for fire år sidan, og fire år før det igjen. At saka om reguleringsplan på Legene no er kjaurt så fast at det er ynskjeleg å utsetje den er ikkje noko anna enn skammeleg.

I 2015 sto Senterpartiet med tidlegare ordførar Stein Aam i spissen og lovde oss vekstsenter på Legene. Vi fekk eit par ekstra barnehageplassar.

I 2020 fekk vi igjen håp om å bli prioritert, og februar inviterte samfunnsutvalet til folkemøte om reguleringsplanen på Legene. Folket her framme vart bedt om å engasjere seg, og det gjorde vi. FAU i skule og barnehage, idrettslag og grendalag var med i utval for å bidra til at vi skulle få realisert både tomter og skule.

I dei tidlege planane var det fire områder som var aktuelle til bustadtomter. Men litt etter litt vart dette redusert ned, til det no til slutt står att med ca 25 tomter. Med tanke på kor stort område som sto på planen i starten med fire store område som kunne regulerast til bustader, kan ein stille spørsmålstegn ved at det området ein til slutt står att med, er det området det er mest motsegner til bustadtomter. Når dykk vel å planlegge bustadtomter midt inn i gardstuna til folk, så blir det naturleg nok motsegner. Er det i det heile tatt vilje politisk og blant kommunalt tilsette å få til tomter på Legene? Eller er det eit spel for galleriet? No er saka kjaurt så fast at ein ynskjer å utsette den. Igjen. Var det dette som var meininga heile vegen? Om ein verkeleg hadde ynskja fleire bustadtomter på Legene, så hadde dykk planlagt tomtene på områder der det ikkje var like mange motsegner. Her er nok areal å ta av. Når det no ikkje blir nye tomter, så "slepp" kommunen å tenke på ny skule på ei stund også.

Vi forstår at jordvern er viktig, men det er interessant å observere at verdien på dyrkamarka i kummunen er omvendt proporsjonal med den politiske viljen til å få gjennomført eit prosjekt. Når kommuna har kjaurt seg slik fast, må den også vere med å ta ansvar for å finne alternativ. Det kan ikkje vere slik at når ein møter motstand så stoppar alt opp, for behovet som har vore der i 20 år er der enno, og det er meir skrikande enn før! Minner også om idrettslaget vårt som er her, og som kommuna ellers har ei gylden moglegheit for samarbeid med.

Ved skulestart 2023 var det i Ørsta kommune 115 fyrsteklassingar. Dei fordelte seg slik: Dalane skule: 11, Hovden skule: 11, Sæbø skule: 10, Vartdal skule: 4, Velle Skule: 48, Vikemarka skule: 32 og Åmås friskule: 4. Tilsaman var det altså 15 elevar på Dalane og Åmås friskule. Dette er større enn både Hovden, Vartdal og Sæbø. Det seier noko om kor store vi på Dalen er! Barnehagen som fekk nybygg for 5 år sidan er også smekkfull, ikkje alle får plass. Neste kull 1. klassingar (haust 24) frå Dalane barnehage er på 17 stk. Vi står saman om eit ynskje om ein felles skule for borna våra, ein skule som tek i mot alle borna frå Dalane barnehage, der dei slepp å verte splitta i to grupper ved endt barnehagetid. Vi ynskjer skulebygg som har plass til elevane, som har løysingar og omgivnader eit skuleborn verdig, med luft som ikkje gjev hovudverk, vi ynskjer skule der vi slepp å bruke skulekjøkken og mediatek og gang som faste klasserom. For slik er ståda no.  Vi vil be våre folkevalde om for ein gongs skuld å halde løfta sine til oss, og ikkje utsette saka, men å gi ny skule på Legene høgste prioritet. Vi har venta alt for lenge allereide. Inkluder oss på Dalen i “saman mot nye høgder”, og ikkje gjer slik det er berre oss sjølve som må ta ansvar for å inkludere oss! Det bør ikkje vere slik at den som skrik høgast får mest, ikkje når det gjeld borna våre som politkarane har felles ansvar for!

Vi treng ein ny, felles skule, og vi treng den no!

Helsing

FAU Åmås, FAU Dalane, Åmdal idrettslag og andre engasjerte i dalen.