Kjenner du nokon som har lyst å starte, ligg søknadsskjema på fb-sida til Ballettskulen.

Ballettskulen heldt årsmøte like før påske og kunne nok ein gong sjå tilbake på eit svært aktivt danseår.

Balettskulen er framleis ein frivillig difta danseskule , den einaste i landet. Skulen har tilbod om klassisk ballet, contemporary, jazzballett, hip- hop og nytt til hausten også latino.

Mykje av 2023 handla om Nøtteknekkaren, naturleg nok. 180 av elevane var med og dansa den. Likevel fekk dei andre 170 elevane vere med på tre ulike framsyningar og totalt ni framføringar på Ørsta Kulturhus. Ballettskulen er kjend for sine flotte show, det håper styret å kunne fortsette med, sjølv om det er kostbart å sette opp framsyningar.

Skulen har svært godt utdanna pedagogar, noko som syner att ved framsyningane. Elevane vert godt ivaretekne og støtta opp om, difor kunne skulen t.d. sette opp heilaften versjon av Nøtteknekkaren, med berre ein innleigd profesjonell dansar.

Ei gruppe elevar dansa til “Kom som du er”, unser opninga av Dei Nynorske Festspela, der teksta var på Nynorsk. Den fyrste nynorske “bli med dansen”.

Økonomisk gjekk det bra i 2023, Ballettskulen greier å legge litt til sides. Under nedstenginga, på grunn av pandemien, mista skulen all eigenkapitalen, og det tek tid å bygge den opp att.

Styret i Ballettskulen vert slik framover, Synnøve Hill, Tove Halse Digernes, Elisabeth Teige, Gro-Helen Eiksund, Anja Olsen-Hovdenakk, Dalana- Michelle Storebø, Hilde Moltu Hjelleseth, Hege Roti Langvatn, Marte Sæten, Yngve Dale.

Det er eit stort arbeidande styre. Skulen har ikkje økonomi til å ha lønna rektor, så alle har oppgåver knytt til drifta.