Diskusjon om og krav til parkeringsplassar er aktuelt tema for sentrumsutviklinga. Næringsdrivande vil ha fleire plassar og andre vil ha plass for bustadar. Kven sine interesser må vike?

Talet på eldre veks sterkt dei næraste tiåra. Tek vi summen av alle 80- t.o.m. 83-åringane i dag, er det om lag 230 personar i Ørsta. Summerer vi same aldersgruppe om 10 år, er det 460 i denne gruppa, altså det dobbelte.

I aldersgruppa 70-100 år vil det då vere i overkant av 2000 innbyggarar her. Kommunen vil i åra framover framleis ha avgrensa ressursar til eldreomsorg, noko som gjer at dei fleste eldre sjølve må ta tak i velferda si. Ved å effektivisere omsorg kan ein nå fleire. Ei avgrensing er og tilgang på personell. Vi eldre er kategorisert som verstingar i energibruk då vi bur få (ein eller to) i eldre og store hus. Etter kvart som vi blir enda eldre, har vi kanskje ikkje bil lenger – og alt dette tilseier at vi må ha buplass i sentrum for å delta i og vere nær samfunnsaktivitetane. Dette kan skje enten i Vik, på Vartdal eller på Sæbø. I sentrum treng ikkje alle eigen bil, vi kan gå til butikkane og dele/leige elbil når behovet er der. Når vi flytter til sentrum, frigjer vi den gamle bustaden for yngre familiar som oppgraderar den for nye 40-70 år.

Skapar vi tilflytting til sentera, vil kommunal omsorg bli meir effektiv og såleis nå fleire brukarar. Dette gjer at nye buområde utafor sentrum, no og i framtida ikkje er naudsynte. Vi må også ta innover oss at folketalet i Ørsta i 2050 er redusert i høve til i dag ifølgje SSB sin folketalsprognose. Eg stolar meir på denne enn lokalpolitikarar si tru og ønskje.

Det bør difor vurderast å bygge parkeringshus for å unngå og bruke moglege bustadareal til bilplass. Eit framtidig sentrum i Ørsta bør ha langt fleire buplassar enn i dag. Dei to bustadutbyggingane som snart kjem, er eit steg i rett lei, men det trengs mykje meir.

Ved å flytte til sentera får dei eldre eit rikare liv då dei der kan delta i fleire samfunnsprosessar. Vi kan etablere enkle samarbeidsorgan der vi hjelper kvarandre med ulike oppgåver. I framtida blir vi og langt meir miljøvenlege fordi vi vil ikkje lenger vil vere forbrukarar – vi er nyttige samfunnsborgarar. Til hausten kjem Klimautvalet 2050 med sin rapport der målet er eit lågutsleppsamfunn der co2-utsleppa er redusert med over 90%.

Vi eldre vil delta aktivt for å nå dette målet der alle bør sjå at vegen inn i framtida ikkje er å kopiere notida verken i planlegging eller i åtferd.