Det hastar!

No skal lovnader om kommunebetalte parkeringsplassar til kjøpesenteret haldast, og det hastar å gjennomføre før nytt kommunestyre blir sett i september.

Aldri før har så mange betalt så mykje for så lite! Sentrumsnær matjord og tomteareal blir no til asfalt og parkeringsplassar.

Det er eit tverrpolitisk ønske om å utvikle sentrum med bustader, forretningar og servicetenester.

Og det er særleg viktig for dei av oss som planlegg for alderdommen å ha tilgang til bustader nær sentrum.

Difor bør det leggjast til rette for bustader innanfor ein radius på 300 meter frå Ørsta sentrum.

Bedehusmarka er den perfekte staden for leilegheitsbygg for alle som ønskjer å bu nær sentrum og ha gangavstand til alle daglege gjeremål.

Som alle moderne leilegheitsbygg skal vi sjølvsagt ha parkeringsplassar i underetasjen. To løysingar i eit prosjekt – det er gode løysingar i praksis.

Det positive er at vi framleis kan bygge leilegheiter på Bedehusmarka – og parkeringsplassar!

Det gjeld berre å sjå heile biletet for å legge brikkene riktig.

Tore Thon

Ordførarkandidat FrP