Mellom 70 og 100 deltok, og snøveret hindra ikkje ivrige fingrar i å lage nydelege fuglar. Vart ein kald, kunne ein varme seg ved bålpanna.

Dei nydelege fuglane skal henge i paviljongen til 2. januar, og alle er velkomne til å henge opp sine fuglar heile jula. Foto: Ingrid Opedal

Ei av initiativtakarane, Inghild Lillebø-Voll, framførte velkomsthelsinga ho hadde skrive saman med dei andre foreldra, Eirin Finnes Skjåstad, Jorun Marie Kvernberg, Gudrun Kløve Juuhl og Solveig Styve Holte.

– Vi er her i Uppheimsparken fordi vi vil at det skal verte fred i Palestina, og at landet Israel må slutte å krige. Det er godt å vere ilag når noko er vanskeleg. I Volda og Ørsta er det personar som har familia si og venene sine der det er krig, og vi vil at dei skal vite at vi også vil at krigen skal stoppe.

Inghild Lillebø-Voll heldt velkomstappellen. Foto: Ingrid Opedal

– Her er både barn og vaksne i dag, og då vil eg sei at krig aldri, aldri, er barna sitt ansvar. Det er voksne som starta krigen og voksne som må få slutt på krigen. Barn i Volda og på Gaza treng å få leike trygt ilag med venene sine, vi treng å ha familien rundt oss, eit hus å bu i og å få mat når vi er svoltne. Vi treng å vere i fred for å ha det bra, ikkje i krig. På Gaza i Palestina er det krig og mange har mista nokon dei er glade i, og mange har mista huset sitt. Eg skulle ynskje vi kunne dele den freden vi har i Noreg med dei.

– I dag skal vi lage fredsfuglar saman her i Uppheimsparken, saman kan vi gjere vårt for å skape fred og saman kan vi skape eit kunstverk som kan stå her gjennom jula og vere eit håp om ei framtid der fred kan vere for alle. Fuglane skal henge til over nyttår, me ynskjer også at folk kan kome og henge opp nye fuglar i heile perioden. Fredsfuglar i alle fasongar er hjarteleg velkomne med i fugleflokken, avslutta Lillebø-Voll.

Eit barnekor samansett før høvet bidrog også med songen «Lussekatt og pepparkake», og leia også allsongen «En himmel full av stjerner» saman med Jorun Marie Kvernberg og Lars Ove Stene Fossheim; eit svært stemningsfullt innslag på ei markering alle sette stor pris på.

Mellom 70 og 100 små og store var innom markeringa på Uppheimsplassen torsdag før jul. Foto: Ingrid Opedal

Litt av bakgrunnen for markeringa var at Israel si krigføring i Gaza er eit tema som folk unnlet å snakke om. Det er så grusomt, og kanskje veit ein ikkje korleis ein skal uttrykke seg eller kor ein skal byrje. Initiativtakarane håpar ei slik markering kan vere eit lite steg til å opne samtalen, og at ein gir folk eit høve til å vise sin omtanke og sitt engasjement.

Ingrid Opedal