Det var sikkert i slutten av august i 1989 dette skjedde. I første timen. Vi hadde akkurat begynt på Ørsta ungdomsskule. For jentene frå bygda som måtte ta skulebuss til sentrum for å gå på skule, var dette noko av det største som hadde skjedd i livet til då. Det var som å kome til himmelriket. Tenk, vi kunne ete snop i skuletida. Trudde vi.

Historia handlar om den gongen ein lærar sette seg i respekt og viste oss i praksis kva som var reglane på Ørsta ungdomsskule. Han sa i klartekst frå om korleis han skulle ha det i klasserommet. For der var det han som bestemte og var sjef.

Jentene gjekk i gjengar og hadde tuperte panneluggar som låg høgt til eine sida. Alle hadde splitter nye 501 Levis-bukser og Pusur-dagbøker i sekken. På veg til skulen stoppa vi på Shell for å snope. Om ein ikkje hadde pengar, var ikkje det så farleg. Ein fekk alltids smake, for den gongen kunne Buggen delast på to, og ein fekk ti stykke for ein tiar. Men Hubba Bubba, helst med blåbærsmak, var betre til å blåse bobler med.

Vi togg, slafsa og smelte tyggisbobler. Læraren stod framme ved kateteret og prata om eitt eller anna. Kanskje vi tenkte på at vil skulle snope meir i matfriminuttet og gå fram og tilbake framfor yrkesskulen. For vi sverma litt for dei store gutane som gjekk der.

Litt inn i timen small det også fra læraren. Han heva stemma, var raud i ansiktet og slo handa i kateteret. Vi skvatt, og kanskje tyggisen datt bak i halsen. Han fekk merksemda vår, det var sikkert og visst.

Han sa: «No er det nok! Eg prøver faktisk å lære dykk noko viktig her, men de høyrer ikkje etter. Eg greier nesten ikkje å høyre mi eiga stemme slik som de tygg og slafsar i kor! De sit faktisk her og tygg som kyr som ortar, og no vil eg ha slutt på dette tullet. Friminuttet er over for lengst, så no spyttar de ut. Bossbytta står der», sa han og peika på bytta ved døra.

«Marsj! Bort og få det ut. Om ikkje, er det rett ut på gangen! For her på skulen har vi både svartebok, raudingar og ordenskarakterar - det skal de berre vite!»

Alle vart stille og gjekk i tur og orden bort til bossbytta. Vi var flaue og kjende både på ærefrykt og latterkrampe. Etterpå underviste læraren resten av timen, og det kom ikkje eit pip eller slafs fra nokon.

I friminuttet lo vi av det heile og følte oss sikkert litt urettferdig behandla. Men læraren hadde gjort det tydeleg for oss kvar skapet stod. Og eg trur ikkje at han gav så mange raudingar i løpet av dei neste tre åra. Det var ikkje nødvendig.

Eg hugsar denne læraren med godheit og varme. Han var ganske så rettferdig og hadde glimt i auget. Og vi lærte saktens også litt om kua sitt fordøyingssystem, som vi hugsar over 30 år seinare.

Det vart ikkje meir Bugg eller Hubba Bubba i timane hans. Men kanskje vi delte ein liten Toy...

M.G.

Møre-Nytt har som hovudregel at lesarinnlegg skal vere signerte med fullt namn,men i dette høvet er det gjort eit unnatak.