Kjære politikar:

Foreldreutvala ved både Velle og Vikemarka skule har engasjert seg for å sette lys på behovet for ei oppgradering av uteområdet ved nyeskulen, og meiner at ei opparbeiding i tråd med skissene som formannskapet fekk presentert av kommunen si arbeidsgruppe 28.11.23 vil gi gevinstar for skulen, elevar og for lokalsamfunnet, både no og i eit langsiktig perspektiv.

Først, foreldreutvala ser det som svært positivt at vi har fått eit nytt skulebygg som heldige elevar får ta i bruk til hausten! Vi håper og trur at dette vert eit viktig løft både for trivsel og læring for elevar og tilsette ved skulen.

Med den nye organiseringa av barneskulane i sentrumsområdet vil Velle skule auke elevtalet frå 290 elevar til om lag 450 elevar. Det nye skulebygget ligg på delar av det gamle skuleområdet – altså er det mindre uteareal som skal fordelast på fleire elevar, og dermed klarer ein ikkje lenger å oppfylle arealkrava til uteområde per elev. Foreldreutvala har likevel tru på at ein kan finne ei løysing som sikrar trivselen i dei «pusteromma» friminutta er for elevane, men med redusert areal stiller dette også større krav til kvaliteten på området.

Ein veit at leik i friluft og fysisk aktivitet styrkar elevane si læringsevne og trivsel. Felles aktivitet fremmar vennskap og sosialisering – også for dei som slit med å finne sin plass i leiken. Betydninga av gode uteområde kan knapt seiast tydelegare enn det var gjort i rapporten "Uteområder i skoler og barnehager – hvordan sikre kvalitet i utformingen?" frå NMBU i 2019. Forskarane går så langt at dei seier at kvaliteten på uteområda er avgjerande for born si psykiske og fysiske helse og utvikling, og peiker på at areala ofte er for små, og at innhaldet ikkje møter born sine behov for leik og fysisk utfoldelse. Utan ei oppgradering av uteområdet er vi redde for at dette også er tilfelle for Velle skule.

For å lukkast med gode skuleområde er det altså viktig å sjå dei fysiske og dei sosiale komponentane i samanheng. Det er også sentralt at målgruppene involverast i slike prosessar, og at det som kjem fram vert lagt til grunn når uteområde utformast. Dette er noko foreldreutvala meiner at kommunen si arbeidsgruppe har teke i vare på ein svært god måte i prosessen og skissene som er utarbeidd for uteområda på Velle skule.

Dersom planane for uteområdet på Velle realiserast vil dette anlegget også ha stor lokal samfunnsnytte. Velle skule ligg i området som kommunen i utviklingsplanen og områdeplanen for Ørsta sentrum kalla «utdannings -og idrettsbandet» – eit område der born og unge frå heile Ørsta oppheld seg store delar av døgnet, både i skuletida og på fritida, på kvardagar og i helgar.

I tillegg til arena for aktivitet og sosialisering i friminutta, har altså skulen sitt uteområde potensiale som viktig nærmiljøanlegg i eit område med stor aktivitet. Rapporten "Statlig idrettspolitikk inn i en ny tid" presiserer at nærmiljøanlegg som er plasserte ved skular og i nærleiken av andre anlegg gir særleg god utnytting av aktivitetsområda. Eit attraktivt uteområde ved Velle skule vil dermed bidra til å styrke det som var intensjonen med utdannings- og idrettsbandet og vil vere eit tilgjengeleg område for alle, i ein del av sentrum som er viktig for born og unge som målgruppe.

Det er i Ørsta, som i mange andre sentrumsområde, stort press på areala. For mange er skulen sjølve limet som knyt lokalsamfunnet saman, og for mange av oss ligg skuleområdet i gå- eller sykkelavstand frå heimen. Dette er eit areal som er viktig at ein brukar godt. Så, kva skal skuleområdet på Velle vere? Å gjere skuleområdet attraktivt for bruk både i og utanfor skuletida er fleirbruk i praksis, og eit tiltak som sikrar nærleik til aktivitet for både organiserte og ikkje-organiserte born og unge.

Skissene som er utarbeidde av kommunen si arbeidsgruppe tek i vare ulike behov, appellerer til ulike aldersgrupper og interesser, har ein god balanse mellom soner for ulike aktivitetsnivå, i tillegg til å ta vare på dei sosiale sonene på skuleområdet. Skissene er utarbeidde på grunnlag av elevane sine eigne ynskje, og foreldreutvala vil applaudere innsatsen som er gjort.

Etableringa av uteområdet på Velle er bort i mot «gryteklart», og er slik vi ser det ei lågthengande frukt med store langsiktige gevinstar for både noverande og framtidige elevar og lærarar, og for lokalsamfunnet.

Foreldreutvala vil med dette uttrykke eit inderleg håp om at politikarane prioriterer opparbeiding av nye Velle skule sine uteområde i neste års budsjett.