Vår anbefaling til kommunen er i staden å utforske andre moglegheiter i ei tid med rask teknologisk utvikling og der vi ser fleire aktørar levere nye løysingar som framstår langt meir rimelege og attraktive enn Helseplattforma.

Vårt offentlege helsevesen er under press. Eldrebølge, aukande levealder og framsteg innan medisinsk forskning gjer at det stadig er meir arbeid som kan og må gjerast.

Helsepersonellkommisjonens rapport fra 2023 viste likevel at vi ikkje kan bli fleire helsepersonell. Helsepersonellet må klare fleire oppgåver innanfor tidsrammene den einskilde har.

For å møte desse utfordringane er vi avhengige av å ta i bruk teknologiske løysingar som gjer arbeidskvardagen enklare og meir effektiv. Vi må håpe på at teknologien kan vere ein del av løysinga på bemanningskrisa som vi står overfor. Ferske tal viser at over 5000 sjukehuslegar er usikre på om dei klarer å fortsette i jobben.

Innan fastlegetenestene i kommunen har vi i mange år tatt dette på alvor. Vi har bytta journalsystem fleire gonger dei siste åra. Vi tar i bruk nye elektroniske verktøy for å bestille labprøver så fort det vert tilgjengeleg. Vi kommuniserer elektronisk med alle ledd innanfor spesialisthelsetienesta, kommunehelsetenestene og nav-systemet. Vi har tatt i bruk videokonsultasjonar, e-konsultasjonar og elektronisk reseptbestilling. Vi deltek aktivt ivprosjektet om digital heimeoppfølging i regi av legevakta. For å nemne noko.

Vi har forsøkt og forsøker framleis å vere fremoverlente og bruke den nyaste og beste teknologien som set oss i stand til å løyse oppgåvene våre trygt og effektivt. Vi meiner at desse erfaringane med teknologiske endringar gir oss ei kompetanse som vi rår til at kommunen lyttar til.

Helseplattformen utgir seg for å vere eit slikt verktøy. Det vert omtalt som effektivt og samhandlingsvenleg, og ein kunne ved første augekast tenke at dette må vere eit positivt steg i retning av å løyse utfordringane i helsevesenet.

Erfaringane fra St Olavs hospital viser dessverre det motsatte. St Olavs tok systemet i bruk i november 2022. Etter 1,5 år ser ein at drifta framleis er redusert samanlikna med før dei starta innføringa. Dei bruker auka bemanning som kompensasjon for å oppretthalde fornuftig drift, dette fører til store meirkostnader i tillegg til kostnadene ved innføringa av systemet. St Olavs snudde fra overskot i 2021 til 220 millionar i underskot i 2022. Resultatet for 2023 ser ut til å bli eit underskot på 400 millionar. Både direktøren ved St Olavs Hospital, styret i Helse Møre og Romsdal, Legeforeningen, Helsetilsynet, Folkehelseinstituttet advarer mot vidare utrulling av systemet.

Rapportane fra kommunane som har teke systemet i bruk er noko meir varierte, og ein kan tenke seg at dette kanskje kan vere eit system som kan fungere i kommunane. I denne samanhengen vil vi minne om at kommunar som sjølve har teke i bruk Helseplattforma har sterke motiv for å få andre kommunar til å ta i bruk systemet.

Helseplattformen AS har svært svake økonomiske resultat, og tapa må dekkjast av eigarane. Kommunane som har teke i bruk systemet kan dermed redusere eigne tap ved å få med fleire kommunar inn i systemet.

Vi vil derfor oppfordre alle til å vere varsame med å lytte til rapportane frå td Trondheim, Ålesund eller Vanylven kommune.

Helsetenestene treng altså teknologiske løysingar som set oss i stand til å rekke over fleire oppgåver enn tidlegare. Helseplattformen gjer det motsatte. Når helsepersonellet må bruke meir tid på journalsystemet vert det mindre tid til pasientane. Dette er særleg kritisk i ei tid der vi treng nettopp å bruke personalressursene meir effektivt.

Arbeidstilsynet har rapportert om massive vanskar med arbeidsmiljøet og brot på arbeidsmiljølova ved 8 klinikkar ved St Olavs. Trugsmåla mot pasienttryggleiken er godt dokumenterte av mellom andre Helsetilsynets rapport.

Datatilsynet og Riksrevisjonen arbeider også med dokumentasjon av konsekvensane av å ta i bruk Helseplattforma. Det er førebels lite som tyder på at Helseplattformen i det heile vil greie å lage ein fastlegemodul som kan konkurrere mot systema fastlegene bruker i dag.

Øya Legesenter i Trondheim og Vanylven legekontor er dei største legesentera som bruker systemet per i dag. Det vi høyrer frå begge legesentera er at legane er svært kritiske til systemet. Etter vår oppfatning er dette meir truverdig enn rapportane frå Helseplattforma sjølve eller frå representantane frå kommunane.

Vi har dermed ingen intensjonar om å ta i bruk Helseplattforma. Dersom vi skulle bli pressa til å ta i bruk systemet vil mange av legane vurdere å seie opp si stilling. Ein ber om at dette ikkje vert sett på som ein trussel, men snarare eit ynskje om å informere om situasjonen slik vi ser den.

Du kan spørre ein snekkar om han vil ta i bruk ei sag som gjer at han må bruke dobbelt så lang tid på saging til dobbelt pris av den saga han bruker i dag.

Vår oppfatning er også at systemet vert mindre nyttig for kommunen for øvrig all den tid fastlegane ikkje tar systemet i bruk.

Likevel kan ein jo meine at kommunen kan ta systemet i bruk. Heimesjukepleien, helsestasjonen, sjukeheimane, psykiatritenesta osv treng jo også eit nytt og betre journalsystem enn det dei bruker i dag. Det er berre det at Helseplattforma ikkje ser ut til å vere betre enn dagens Gerica eller HsPro. Dessverre.

Dette er på mange måtar overraskande, all den tid Gerica og HsPro fungerer mildt sagt dårleg. Slik vi ser det finn vi grunn til å åtvare også mot dette. Kvifor skal kommunen binde seg til ei avtale med stor økonomisk risiko utan å vite at ein får det ein kjøper?

Det vert i mange debattar hevda at vi MÅ ta i bruk Helseplattformen, at det “ikkje finst andre alternativ”. Dette stemmer ikkje. Det finst eit land utanfor Midt-Noreg, desse bruker andre system. Det finst fleire aktørar som bygger nye og innovative, effektive og rimelege system som for oss ser ut til å vere betre alternativ enn Helseplattforma. Vi kan nemne Aidn som eit nærliggande døme.

Vi vil med dette stille oss bak kommuneoverlegen i Ørsta og åtvare kraftig mot at Volda kommune tar i bruk Helseplattforma. Vår anbefaling til kommunen er i staden å utforske andre moglegheiter i ei tid med rask teknologisk utvikling og der vi ser fleire aktørar levere nye løysingar som framstår langt meir rimelege og attraktive enn Helseplattformen.

Venleg helsing

Alle fastlegane i Volda kommune

v/tillitsvalgt Arne Drabløs