Dette er mitt første lesarinnlegg i denne lange saka.

Utbygging av B10, Fremre Mo er den største og mest omtalte/betente jordvernsaka i Møre og Romsdal fylke på fleire år. Ørsta Bondelag har gjort ein formidabel innsats i kampen mot bustadfelt på Fremre Mo, godt støtta av Volda og Ørsta Bonde og Småbrukarlag og Hjørundfjord Bondelag. Denne kampen om Fremre Mo har spreidd seg ut over landet og heilt til Stortingets spørjetime. For dei gjenverande, aktive bruka på Mo er det ei stor drahjelp at Bondelaget har gjort jordvern og kampen om Fremre Mo til ei fanesak.

Denne kampen er utvilsamt også til stor skade for Ørsta SP, for Sp-ordførarane i nabokommunane og for SP på fylkesnivå. Kristin Sørheim (SP Mrfylke) er ein av mange som har prøvd å tale SP-leiinga i Ørsta til fornuft i denne saka, men må konstatere at dei er urokkelege. Siste vekene har eg fått mange titals henvendingar frå både unge og gamle SP-medlemer/sympatisørar om kven dei skal stemme på, for dei kan ikkje gje ei stemme til Ørsta SP sin ordførarkandidat, etter at ho stad fram i lokalavisa og proklamerte nedbygging av Fremre Mo. Ho stod fram i offerrolla; ho hadde opplevd truslar og saka er blitt ei stor påkjenning.

For min del også er denne kampen er ei stor påkjenning, men kven er offer i denne saka?

Er det dei som eventuelt ikkje får selt dyrkajorda si til tomteføremål?

Er det ordførarkandidaten i Ørsta Sp som føler seg trua og mister nattesøvnen?

Eller er det dei gardbrukarane som får knust livsverket sitt og eigedomane sine øydelagde for vidare drift? Det bur gjerne 3 generasjonar på eit gardsbruk, så det er mange som blir skadelidande om dei mister alt dei har satsa på over lang tid.

Eit gardsbruk er i utgangspunktet berekraftig til neste istid.

Ørsta sentrum treng dyrehald i nærmiljøet og turområde i framtida. Garden Mo eig mesteparten av det populære tur- og beiteområdet Langedalen (Daleteigane, Mosetrevegen, Høgeheida, Ørstaskaret).

Ordførarkandidatane frå Høgre, AP, og SP har alle fått stor spalteplass i lokalavisa siste dagane, og bodskapen er sterk støtte til nedbygging av Fremre Mo.

Mi oppfordring er:

Stem på eit parti der ordførarkandidaten har markert støtte til Fremre Mo som framleis LNF-område (landbruk, natur og friluft).

Godt val.

Elias Moe