Ørsta SV er difor svært skuffa over utkastet til jordvernstrategi som er lagt fram. Det har små visjonar for jordvernet i Ørsta kommune og er lite konkret på nødvendige tiltak. Det manglar også omtale av fleire viktige moment, som t.d. krav ved bygging av gangvegar og forbod mot utbygging på myr.

Vi meiner denne jordvernstrategien vil føre til at Ørsta kommune stort sett kjem til å halde fram akkurat som i dag, med å bygge ned dyrka og dyrkbar mark!

Ørsta SV har fleire gongar tatt til orde for at Ørsta kommune bør ha ein nullvisjon for nedbygging av dyrkamark, sjølv om vi veit at dette i praksis kan vere svært vanskeleg å få til. Vi er difor skuffa over at framlegget til strategi har små ambisjonar på dette området. Målet er berre å redusere nedbygginga av dyrkamark til 6 dekar i snitt pr. år. Og dette først innan 2030.

I mange av strategien sine delmål vert det brukt formuleringa «med mindre det ligg føre tungtvegande samfunnsinteresser». Dette meiner Ørsta SV er feil, og vil gjere det alt for lett å finne grunnlag for å gi dispensasjonar til å bygge ned dyrkamark.

Det er etter vår meining også ein klar mangel at jordvernstrategien ikkje kjem med krav til tiltak og løysingar i høve bygging av gang- og sykkelvegar på dyrkamark. Å ha med slike retningslinjer som reduserer bruken av dyrkamark til dette formålet vil vere svært relevant for Ørsta kommune.

Strategien gjer heller ikkje nokon vurdering av problematikken med nedbygging av myr, ut over å seie at dette ikkje er lov til landbruksføremål. Konsekvensane av Miljødirektoratet sitt framlegg til ny «Forskrift om forbod mot nedbygging av myr» (levert Stortinget 4. desember 2023) er ikkje omtalt. Denne slår fast at nedbygging av myr til utbyggingsformål vil verte forbode.

Eit uklart punkt i jordvernstrategien er spørsmålet om tettstadgrensene. Dei skal reviderast for Ørsta sentrum og Hovdebygda, og definerast for Sæbø og Vartdal. Men jordvernstrategien seier ikkje noko om kva tilhøve som vil bestemme kvar desse grensene skal gå. Dei framtidige tettstadområda vil difor godt kunne innehalde jordbruksareal som i dag er i bruk. Slik tilfellet er når det gjeld noverande tettstadgrenser for Ørsta sentrum og Hovdebygda.

Utkastet til jordvernstrategi som formannskapet i Ørsta kommune skal vurdere å sende på høyring, manglar difor etter Ørsta SV si meining omtale av fleire viktige moment, er lite konkret om nødvendige tiltak og har små visjonar for jordvernet i Ørsta kommune.

Magnar Hjertenæs, Ørsta SV