Oppdrettsanlegg for torsk «Støylen» ved Kornbergneset er nyleg godkjend av Fylkeskommunen.

Godkjenninga kjem på trass av at beskytta levedyktige torskebiotopar då kan bli eksponert for gen-ureining (rogn og melke) når oppdrettsfisken gyt.

Fylkeskommunen grunngjev vedtaket med at forsking viser at ein kan redusere slik gyting i merdane ved lysbehandling. Dei viser til forsking (ikkje uavhengig, ikkje fagfellevurdert, ikkje publisert i vitskaplege tidsskrift, utført for oppdrettsfirmaet Ode AS av Møreforsking) som viser at ein i eit tilfelle har redusert gyting med bruk av kunstig lys i så stor grad at det berre er 2% av fisken som gyt i merdane. Anna og seriøs internasjonal forsking viser langt dårlegare resultat, utan at det nemnast.

Men om ein tek tala for god fisk, kva betyr det? Det er godkjent 3500 tonn fisk i anlegget, med ei slaktevekt på 4 kg gir dette 875 000 fisk. 2% av det igjen er 17500 torsk som vil gyte fritt i merdane frå kjønnsmoden alder. Dette er eit enormt tal i ein sårbar fjord. Fylkeskommunen har utan å ta omsyn til lovfesta krav om skjerming av sårbare økosystem, godkjent ein enorm eksponering av rogn og melke, til kjende torskeområde i Kilspollen spesielt. Ein lyt rekne med at desse torskestammene vil endre seg og truleg døy ut.

Eit anna krav for godkjenninga er at slik gytefisk «ikkje har lov å gyte i merdane» ifølge Fylkeskommunen. Korleis i himmelens namn skal ein kunne unngå det utan å slakte ned alt før gyte-alder, når ein veit at der er (truleg veldig mykje meir enn) 17500 fisk som ligg og gyt i merdane etter kjønnsmodning frå 1,5-2 års alder. Ingen trur vel på at ein kan identifisere desse individa blant dei om lag ein million andre, og plukke berre dei ut til avhending.

Eit anlegg ved Krumsvikneset er ei kriminell kule i panna på kysttorsken frå Mek, Bjørneset og innover til Kile.

Eg er glad det vert anka på avgjersla frå Fylkeskommunen.

Einar Leikanger, Volda og Kile