Tidenes største økonomiske hengemyr er dessverre allereie eit faktum i Helse Midt-Norge. Eit styre med «hørselvern» som pressar fram eit system som openbart ikkje fungerer godt nok, trugar pasienttryggleiken, er ineffektivt og har kosta milliardar utover det planlagde er årsaka.

Om Helseplattforma (HP) vert skrota eller ikkje, er vi uansett på tynn is. I fjor i vårt nærmiljø, mista vi Mork Rehabilitering. Vi vart trua med sommarstengt fødeavdeling, samt stengt ortopedisk beredskap på natt/helg på sommaren. Dette hadde medført store konsekvensar for pasientar i vårt distrikt for å spare «småpengar» samanlikna med kostnadane knytt til innføring av HP ved St. Olavs. Der brukte dei 25 millionar kr per veke på overtid, og helsepersonell frå heile fylket reiste til Trondheim for å avlaste dei i innføringa.

Kvar ein tenker å tappe ressursar for å spare hjå oss, må vi berre vente «i spenning» på. I Volda har vi no som sparetiltak mista jakkene som vi brukar når vi frys på jobb. Dei kostar 12 kr/stk. Vi er oppfordra til å bruke privat ulltøy under uniforma, og dra med oss heim blodsøl/fostervatn og vaske i eiga maskin. Samtidig reiser vi på kurs i HP og på hospitering ved St. Olavs, og får dekt hotell og flyreise.

Alvorlege feil

Vi treng politisk støtte og handlekraft for å avgrense skadeomfanget av den pågåande krisa. Korkje adm. dir. Stig Arild Slørdahl eller helseministeren verkar å bekymre seg om at Riksrevisjonen nyttar ord som «kritikkverdig» og «ikke tilfredstillende» når dei i sin rapport beskriv at HP ikkje fungerer og går ut over pasienttryggleiken . Helsetilsynet har i sin tilsynsrapport omtala feila som alvorlege, og at innføringa av HP «innebærer økt risiko for pasientene». Eit samla styre i Helse Møre og Romsdal vil utsette innføringa grunna i pasienttryggleik og forsvarleg drift .

Helse Midt-Norges flaggskip St. Olavs tek framleis «inn vatn» etter 14 månadar med bruk og feilrettingar. St. Olavs har anslått at dei må kutte 250 årsverk i 2024. Direktør ved St. Olavs, Grethe Asved er klar i sin tale: Talet på alvorlege hendingar meldt til Helsetilsynet er framleis det doble, samanlikna med før HP vart innført. Sjukehuset har ikkje full oversikt over eiga aktivitet, fristbrudd og henviste pasientar. – Både i november, desember og januar er det avdekka nye alvorlege feil og svikt i meldingsutveksling og legemiddelinformasjon. Helsetilsynet og Helse Møre og Romsdal har no bedt om ein «plan B». Svaret frå Slørdahl & co er enkelt: det finst ikkje noko plan B.

I Volda jobbar vi med å førebu oss. For vi skal vere forberedt. Vi øver, vi er på kurs. Vi har dyktige superbrukarar som har lagt ned mykje arbeid og tid, og ikkje minst prøver å halde motet oppe i ein mildt sagt bekymra og demotivert kollegastab. Ein kollegastab som der bekymringa stig i takt med øvinga og innsikta i kva vi faktisk har framfor oss. Vi førebur oss på meir overtid og meir helgearbeid. Vi har ei leiing som gjer ein kjempejobb med å sy saman ein krevjande turnus, der alle skal minst ei veke på kurs, og vi treng ekstra personell på alle vakter ved innføringa og i sommar. Vi skal helst klare oss utan vikarbyrå, og helst utan bruk av overtid. Vi kan sjå langt etter å få hjelp av personell frå St. Olavs (slik dei fekk), fordi dei har nok med seg sjølve. Aktiviteten på sjukehuset er tatt ned- og ventelistene for pasientane er dermed allereie blitt lenger.

Alt dette, for å ta i bruk eit system som forsinkar oss ytterlegare, medfører lågare aktivitet, lengre ventelister, meir skjermtid, mindre pasient-tid og trugar pasienttryggleiken. Og kostnadane på millionar, eller rettare sagt milliardar, fortset å strøyme ut.

Kven har ansvaret her?

Kjære statsminister, helseminister, lokalpolitikarar og journalistar; her treng vi innsyn i kontrakta som Slørdahl Helse Midt-Norge har inngått med Epic, leverandøren av HP. Kva står der som openbart ikkje toler dagens lys? Korleis kan ei kontrakt være irreversibel når produktet som er levert ikkje held mål og omtalast som direkte farleg i offentlege rapportar?

Bjarne Håkon Hanssens visjon om å drifte Helsevesenet som ein toyotafabrikk (aka Helseforetaksmodellen) er i ferd med å rasere heile det norske helsevesenet med Helse Midt-Norge først utfor stupet. Helseministeren står ved roret og har «hørselvern» av samme type som Slørdahl og styret i Helse Midt-Norge. Dersom ingen har evne til å gripe inn, må eg berre gratulere Aleris og andre private aktørar med ei lysande framtid i fylket og landet. Det vil stå helsepersonell i kø for ny jobb, og dei som kan betale for seg vil få den behandlinga dei treng, til rett tid.

Å fråskrive seg ansvaret og denne saka er langt meir alvorleg og eit større svik enn å jukse på ei masteroppgåve.

Ragnhild Brautaset

Tillitsvald fødeavdeling i Volda/NSF Jordmorforbundet