Vil det ikkje vere meir fornuftig å ha tannklinikk både i Ørsta og Volda? Mine innvendingar mot fylkestinget sitt vedtak frå 2018 om ein samlokalisert tannhelseklinikk på Ørsta vidaregåande skule går ikkje på spørsmålet om klinikken skal ligge i Volda eller Ørsta, men på sjølve vedtaket om samlokalisering.

Måndag 14. august var Ørsta SV på besøk hjå Ørsta distriktstannklinikk for å høyre dei tilsette sine synspunkt rundt noverande og kommande tannhelsereformar. SV har i mange år kjempa for at tannhelse skal likestillast med andre helseområde. Tennene er tross alt ein del av kroppen!

I møtet kom ein også innom fylkesutvalet/ fylkestinget sine vedtak frå april 2018 om å slå saman distriktstannklinikkane i Ørsta og Volda. Føresetnaden var at denne skulle plasserast i den nye vidaregåande skulen i Ørsta. Seinare har det vorte sagt at den skal ligge i bygninga til tidlegare Husmorskulen (D-blokka). Dette uttrykte tilsette på tannklinikken uro for, og eg sa meg samd i dette. Det vil krevje omfattande ombygging og oppgradering for å plassere ein samlokalisert kompetanseklinikk for tannhelse i den gamle husmorskulen.

Vi i Ørsta SV er opptatt av at eventuelt nye lokale til tannhelseklinikken i Ørsta må vere minst like gode som dei eksisterande. Fagpersonalet er godt nøgde med det dei har i dag, men på sikt blir desse lokala for små.

SV er eit parti som både ynskjer å høyre på fagfolk sine innspel og vurderingar, og sjå desse i relasjon til ei heilskapleg utvikling av samfunnet. Sidan 2018 er det nokre (nye) moment som bør vurderast i samband med dette vedtaket:

1) Ei viktig tannhelsereform er vedtatt og vonleg vil ytterlegare utvidingar kome dei neste åra. Dette vil auke aktiviteten på distriktstannklinikkane. I dag har ein om lag 10 behandlingsrom og ca. 20 tilsette samla i Ørsta og Volda. Dette må auke i kommande år.

2) No får aldersgruppa 20-24 år rett på billigare tannbehandling og vonleg vil dei ta den i bruk. I Volda vil dette omfatte ei svært stor gruppe av studentar.

3) Er ei samlokalisering samfunnsøkonomisk og miljømessig fornuftig? Det betyr å flytte alle elevar som skal til tannlegen frå Volda til Ørsta, eller frå Ørsta til Volda. Og framleis er det vel slik at born ynskjer å ha med seg foreldre til tannlegen dei første åra og foreldre må ta seg fri frå arbeid for å fylgje dei.

4) Vi har alt trafikale problem, og ikkje minst trafikktryggingsproblem, i området Velle skule, kulturhuset, idrettshallen. Kor mykje auke i trafikk på Velle vil plassering av tannklinikken på gamle husmorskulen bety? Eg antar at dei fleste studentar, og foreldre frå Volda som fylgjer borna sine, vil kome i bil.

«SV – Magnar» ynskjer seg ein ny gjennomgang av spørsmålet om samlokalisering av distriktstannklinikkane i Ørsta og Volda er framtidsretta og fornuftig, sett i lys av både dei miljømessige og samfunnsøkonomiske konsekvensane dette vil føre med seg!

Beste helsing

Magnar Hjertenæs