Eg har fylgt med i saka om fleirbrukshallen og har vorte skremd. Eg meiner at dette vert så dyrt at kommunen ikkje har økonomi til å klare alle utgiftene. No er prislappen nærmare 200 millionar. Mi erfaring med offentlege bygg er at det alltid vert dyrare enn planlagt. Det er heller ikkje oversikt om korleis hallen skal finansierast, kva det vil koste å leige hallen og kva vil dei årlege utgiftene for kommunen bli ?

Kommunen er nettopp komen ut av robekregisteret og det står mange viktigare oppgåver og ventar på tur.

Mellom dei er: Oppgradering av Vikemarka og Velle skule. Ny skule på Sæbø og i Hovdebygda. Kan og nemne eit stort etterslep i vedlikehald på kommunale eigedomar og fonnvernet som skal byggast.

Er det eigedomskatten som skal betale alt dette? No er denne skatten på eit lavt nivå, men folk murrar. Skal fleirbrukshallen og alt det andre betalast med eigedomskatt må den aukast mykje og då vil ikkje folk lenger nøye seg med å murre. Om det er fleirtal i kommunestyre for å bygge fleirbrukshall, så er det ikkje fleirtal hos fotfolket i kommunen og husk det er fotfolket som må betale det gilde kostar.

Det er heller ikkje rett at skuleborna skal betale hallen, med dårlege skular og kummerlege forhold.

Ordførar, eg ser fram til eit svar som gjev meg fred og nattero.

Pål HeggestadØrsta FrP