Det har gått ei veke og røyken har lagt seg litt etter valet. Å ride inn i solnedgangen vart ei buklanding for ordføraren i Ørsta, han er sett til å sy ihop ei ansvarleg styring av kommunen dei komande åra.

I denne samanhengen vil ikkje dei som forhandlar om makta ha med FrP på samtalar, i staden tek dei inn Høgre som sentral aktør og avgjerande part for å sikre seg nok mandat. Dette er fullt lovleg og har skjedd før.

Sp går her over til eit parti som for over åtte år sidan innførte eigedomsskatt og prøver å framstille seg som ansvarlege som fekk Ørsta ut av Robek. FrP gjekk inn i samarbeid med Sp og sikra Stein Aam ordførarjobben etter dette og Høgre var tydeleg skuffa, dette fekk det nye kommunestyret merke med Sørheim, Hovde og Castberg som framstilte frekke og nedlatande innlegg frå talarstolen og elles. Eg som var ny i politikken den gongen var forundra over at vaksne folk kunne oppføre seg slik. I dag ser vi ordføraren uttale at det er umulig å samarbeide med FrP som vil kvitte seg med eigedomsskatten og kutte i kommune-adminstrasjonen, noko Sp og Frp har vore einige om tidlegare. Eigedomsskatten skulle være midlertidig, men er no innkjørt i kommuneøkonomien og mange ser den som avgjerande, dette uttaler forhandligsleiaren i KrF også, Paul Kristian Hovden. Han hyllar denne skatten og ser den som avgjerande for utvikling av kommunen.

Ordførar Stein Aam leiar her eit samarbeid for sine etterfølgarar, Tove Halse Digernes og Per Ivar Lied. Dei inngår dette samarbeidet med dei som stemte imot han som ordførar, dei som har vore kritiske og nedlatande, såra og vonbrotne, - Høgre.

Eg trur nok her er meir banale ting som ligg til grunn for at FrP er uaktuelle for Sp, som å peike på finansiering av ballettskulen. Eit punkt som stod i Sp sitt partiprogram og vart bemerka av Tore Thon i Frp. Samtidig som det gjentatte ganger frå FrP er blitt satt lys på drifta av Ørsta kommune, det blir svart ut med at vi går til krig og er konflikt-skapande. Eg fekk eit håp om støtte då ordføraren i siste møtet i Samfunnsutvalet gjekk ut med sin frustrasjon over administrasjonen i Ørsta kommune, og han hadde meir krutt å kome med. Vi har dessverre ikkje høyrt noko meir av det i ettertid. Det vi har sett er ein kommunedirektør som avviser alt som blir sagt, det har vel aldri kome ei beklaging eller innrømmelse frå den kanten. Det blir å verne om sine eigne.

For innbyggjarane i Ørsta er det no sikra fleirtal for auka eigedomsskatt og utbygging på Fremre Mo. Drifta av sjukeheimane på Vartdal og Sæbø vil nok få seg ein gjennomgang også. At KrF stiller seg i denne koalisjonen er ganske merkeleg sidan dei har prøvd å vere på gardbrukarane på Fremre Mo si side. Dette er uansett verst for Sp, her har det vore kritikk frå fleire Sp-lag, samt Bondelaget.

Grunnen til at folk reagerer på samarbeidet i politikken i Ørsta etter valet er resultata, FrP fekk ti mandat i kommunestyret. Dei andre fekk frå eit til seks mandat. Dette bør ikkje ignorerast av respekt for dei som tok seg bryet med å stemme. Det blir forsøkt snakka vekk med at 70% ikkje ville ha FrP, dette fell på si eiga urimelegheit. Det var vel ingen som visste om planen Per Ivar Lied og Per Are Sørheim hadde lagt heller? For meg er dette ei trist avslutning i politikken, ein ser verkeleg kva som rører seg i korridorane. Dette er same folket som skal kjempe imot mobbing og ukultur, men som når det gjeld ikkje er eit hakk betre sjølve. Det må også nemnast at den komande ordføraren lyg når det blir sagt at Høgre ikkje fekk tilbod frå FrP om samarbeid.

Her er eitt parti som står med rak rygg, og det er SV.

Mvh

Idar Henning Vatne, Ørsta Frp