Vil du ha motivasjon til å kome deg ut på tur er dette tingen!

Heilårspostane og vinterpostane er klare for besøk.

Heilårspostar: Vollesætra (10p), Klovetinden (15p), Rotneshytta (5p), Risanakken (10p), Skorgestøylen (10p), Levandehornet (15p), Risaskaret (10p).

Vinterpostar: Melbøsætra/Barstadsætra (5p), Barstadskaret (15p), Høgebakken (10p), Sæssætra/Skarsætra (10p).

Turane er fine på ski, men om vinteren vert snøfattig kan èin gå til fots, med truger eller ta èin sykkeltur. Sætrevegane kan du også gå med barnevogn eller pulk. Sjå Facebook-sida vår: «Vartdal T&IL Fjelltrimmen» for oppdatering, poengark og meir informasjon om turane. Vi i fjelltrimstyret svarer gjerne på spørsmål om du tek kontakt!

Du finn også poengark innanfor døra til Spar Vartdal. Sommarpostane legg vi ut frå 1.mai og utover. Vi ønsker at fleire deltek og er glade for tips om korleis vi betre kan legge til rette for friluftsaktivitetar i nærområdet.

Oppsummering av Fjelltrimmen på Vartdalsstranda 2022; 7 barn og 30 vaksne har levert poengark. Enda fleire har betalt deltakaravgift. Alle borna som leverer poengark får premie og vi trekker ut 2 vaksne som får gåvekort. Den som går på 12 eller fleire av fjelltrimpostane for sesongen, kan etter 3 år få bronsemedalje, 6 år sølv og 10 år gullmedalje. Om du fortsetter får du bronsestatuett etter 15 år, sølv etter 20 år og gull etter 25 år.

I år deler vi ut 2 bronsemedaljer; Stian Sætre og Elisabeth R. Standal, 1 sølvstatuett; Sjur Aarestrup og 1 gullstatuett; Laila Håvoll Vartdal.

Vi har hatt to fellesturar; familietur til Omnen og ein meir krevjande tur frå Meraftahornet over Tverrfjellet til Hestefjellet/ryggen.

Takk til alle som har støtta opp om arbeidet vårt med å levere inn poengark, lagt ut/ tatt inn trimpostar og trakka i råsene slik at dei framleis er godt synlege. Ein ekstra takk til Aquagen Profunda, Barstadvik, som også i år sponsa premiane.

Deltakarar:

Barn; Jesper Glimsdal, Lilly Glimsdal, Marte Otterlei, Emma Sætre, Johannes Sætre, Ella Vartdal og Fredrik Vartdal.

Vaksne; Sjur Aarestrup, Laila Aarset, Helge Aarseth, Aase Iren Aarskog, Nora Myren Barstad, Silja Romestrand Bjørlykhaug, Ingunn Brautaset, Karen Longva Buset, Kjell Arne Fiksdal, Inger Johanne Flåskjer, Ludvik Flåskjer, Rune Gamlem, Siv Therese Gamlem, Runa Grønnevet, Tonje Sætre Indrearne, Hege Otterlei, Ståle Rekkedal, Ingebjørg Ryste, Elisabeth Ragna Standal, Roar Sætre, Stian Sætre, Christian Vartdal, Jørn Vartdal, Kari Ellen Vartdal, Laila Håvoll Vartdal, Marit Buset Vartdal, Norunn Masdal Vartdal, Vidar Vartdal, Koldis Sandvik Volle og Rigmor Øye.

Kom og bli med oss på tur denne sesongen!