Senterpartiet sin ordførarkandidat, Tove Halse Digernes, gjer i eit lesarinnlegg 14.07. eit poeng av at ein nullvisjon for jordvern er umogleg i Ørsta, og at vi då ikkje vil kunne byggje ein einaste gangveg. Det meiner vi er feil.

Vi vil gjerne byggje fleire gang- og sykkelvegar, men når vi byggjer dei, må vi ta større omsyn til matjorda enn i dag. Det finst mange gode eksempel på dette frå andre kommunar. Ørsta SV har i kommunestyret også gjentekne gongar føreslått å ta mindre matjord og heller nytte fysiske skiljer når vi byggjer gangveg, som på Mo og gjennom Åmdalen. Det kan redusere tap av matjord til det halve. Eit betydeleg mindretal frå både SP og andre parti har stemt saman med SV for desse forslaga, men diverre har vi ikkje fått fleirtal. Så sjølv om Digernes skriv at ein i det enkelte prosjekt må ta så lite matjord som råd, har vi erfart at ho saman med sitjande politisk leiing i Ørsta har stemt for det motsette.

Digernes skriv vidare at alle parti i Ørsta har forstått kor viktig det er å verne om matjorda. Bra om det er tilfelle! Dersom dei har det, bør det ikkje vere vanskeleg å følgje opp dei nye nasjonale jordvernmåla som SP sin eigen jordbruksminister la fram i mai. Der er det nasjonale målet skjerpa frå å omdisponere max 3000 dekar til max 2000 dekar i året. Det tilsvarer 135 dekar for heile fylket, eller 6 dekar per kommune. Altså er den nasjonale planen så godt som ein nullvisjon frå SP sin eigen statsråd.

Den store lakmustesten på om partia verkeleg har skjønt viktigheita av jordvern, står ikkje på omgrepet “nullvisjon”, frådeling av ei gardstomt eller bygging av ein gangveg, som Digernes nyttar som eksempel, men på den omstridde utbygginga av Fremre Mo. Spørsmålet er korleis Ørsta SP vil røyste vidare i den saka, der så mykje som 200 dekar matjord vil kunne gå tapt, og fire aktive gardsbruk får framtida si øydelagt. Vi er spente på om ordførarkandidaten til SP har endra syn her og endeleg lyttar til landbruket. For SV er det klart: utbyggingsplanen er avleggs og må skrinleggjast. Vi har nok av andre tomter i sentrumsområdet å byggje på. Tomter, tilflytting og utbygging får vi til utan å ta livsgrunnlaget frå gardsbruk i drift.

SV sin nullvisjon for tap av matjord er eit ja til eit levande landbruk. Vi vil styrkje Ørsta som landbrukskommune. Gjennom klok arealforvaltning, kan vi bevare mest mogleg matjord til matproduksjon, og samstundes sikre føreseielegheit og langsiktigheit for dei bøndene vi framleis har. Vi må gjere det vi kan for at det skal vere trygt og framtidsretta å drive gard i Ørsta. Då kan vi ikkje ta aktiv landbruksjord ut av hendene på bøndene, slik leiinga i SP, saman med AP, H og Frp (fleirtalet), så langt har stemt for i saka om Fremre Mo. Vi ventar i spaning og kryssar fingrane for at både SP og andre parti omsider hamnar på rett side i Ørsta si største jordvernsak på fleire tiår.