Eg trur eg har sove i timen….

Skal tru om dei eg vel inn no vil arbeide for dei saker som eg vel dei inn for?

Forstår,- og veit,- at det er mange faktorar ein må vege opp mot kvarandre når ein skal bruke kronene eit kommunestyre har til disposisjon for sine innbyggarar.

Som farmor til åtte små og store, fire av dei i Ørsta kommune, har eg eit stort ynskje om at barnehagar, skular, helse,- og fritidstilbod er trygt og godt tilrettelagt for dei.

Som dotter i mange år, til ei mor som oppnådde høg alder, som lenge budde i eigen heim, men som sine siste dagar budde på Ørstaheimen, fekk eg innblikk i kva tilbod ho fekk av det offentlege, først i heimen, så møte med Ørstaheimen, som pårørande, der mor budde sine ca siste 18 mnd av sine 93 år.

Ho døydde sommaren 2019.

Ørstaheimen var min første arbeidstad som nyutdanna sjukepleiar i 1996.

Solkroken, som ligg i den delen som var gamle Aldersheimen, vart pussa finfint opp. Nye, lyse lokaler tok imot pasientar for over 20 år sidan.

Nokre rom, i ein «tarm» mellom den nye avdelinga og ein glassgang mot avdelingane Rehab og demens-avdelinga, vart utelatne i oppussinga.

Desse romma skulle berre vere avlastningsrom i ein periode, før ein «fann ut» kva området skulle nyttast til.

 Mor kom først inn på Rehab. avd då ho trengde akutt-hjelp. Fine lyse rom, med god skap-plass, eige bad med toalett og dusj.  Trivelig å kome på besøk.

Når det så viste seg at ho ikkje kunne reise heim att til seg sjølv, der ho og far hadde bygd opp sin heim, var alternative å kome inn på eit dobbelt-rom, eller i eit av dei gamle romma på Solkroken.

Ho valgde einerom. Håpet om flytting til eit av dei lyse, lette romma vart gitt.

Mor bevegde seg med rullator, trengde ikkje hjelp i form av heis til å forflytte seg t.d frå seng til stol, så ho stod nok bak i køa for å få eit av dei store, fine romma ved høve.

Romma som ca. 20 år før skulle vere midlertidige, vart framleis nytta til gamle, som skulle leve sitt liv der. Der hadde tida stått stille sidan gamle Aldersheimen  var bygd. Enkelte kosmetiske «klattingar» var gjorde.

Eit par av dei måtte dele toalett. Bad/dusj måtte gjerast på eit rom ut i gangen. Skapa til klea var smale, hyller datt ned.

Alle desse 6 romma låg/ligg på grunnplanet, med vindauger kun mot ein «bakgard», der utsikta er glass-gangen, nokre trygdebustader, med nokre tre å kvile auger på.

Ganske så mørke og triste omgjevnader!

Har forstått det slik at det står på trappene å renovere i etg som tidlegare vart nytta til heimebasert omsorg , at det der skal byggjast nye rom for sjukeheimspasientar. Flott, det trengst i Ørsta kommune!

Har også no fått med meg at dei seks romma, som berre skulle vere midlertidige for over 20 år sidan, ikkje vert renoverte no. At dei er tatt ut av planen då det ikkje vart gitt statlige midler til den delen.

Litt flåsete sagt, så har Ørsta kommune i mange år hatt leigeinntekter på desse romma utan så mykje utgifter på oppgradering og vedlikehald der.

Kvar einskild pasient betalar lik prosent av si inntekt for ein sjukeheimsplass.

Kvar einskild pasient vert trekt lik prosent av renteinntekter av si formue!. Dette skal dekkje alt ein pasient treng av livsopphald, deriblant  romleige ( og her vert det ikkje skilt på kva standard rommet har)

 Uforståelig at renoveringa ikkje vert gjort i same runde som resten. Reknar med at ein i byggeperioden må finne ei midlertidig ordning for pasientane som bur på Solkroken no.

Det kostar også.

Kva er planen med desse romma/den delen av sjukeheimen vidare skal tru….Skal gamalt folk framleis bli tilbydd desse nedsarva romma?

På mors vegne syntest eg omgjevnaden var trist. For eigen del hadde eg heller ikkje ynskt bu der.

Trur heller ikkje at våra folkevalgte ynskjer det for seg og sine….

Det er kanskje ikkje forseint å snu?

Renover også denne delen av avdelinga!

Gjer det i same prosess som renoveringa elles i tredje etasje på Solkroken!

Godt val folkens. Bruk stemma di. Vi er heldige som bur i eit land der demokratiet råder!!

Gudrun Øvrebotten