Verdas beste nødetatar er på vakt gjennom heila jula for å gjere livet tryggare for oss alle om vi blir akutt sjuke eller utsett for ei alvorleg ulukke. Det gir ekstra tryggleik å vite at nødetatane våre ikkje berre er gode kvar for seg, men at dei også har trent saman på å takle alvorlege hendingar.

Gjennom 25 år har Stiftelsen Norsk Luftambulanse halde kurs i tverretatleg akuttmedisinsk samarbeid (TAS) for redningspersonell i Noreg. Sidan 1998 har over 29 000 deltakarar frå lokalt politi, brannvesen, helsevesen, frivillige og andre lokale beredskapsressursar delteke på TAS-kurs. Der trenar dei på å vere gode saman, når det verkeleg gjeld.

Kursa vert gjennomførte i tett samarbeid med lokale nødetatar og er tilpassa lokale forhold og behov. Kursa handlar heilt enkelt om samarbeid og kommunikasjon under krevjande forhold på skadestad. Lik situasjonsforståing og same språkbruk på tvers av nødetatane gjer det lettare å redde liv raskare. Målet er å spare livsviktig tid for å redde fleire liv og avgrense følgene av akutt, alvorleg skade.

Takk til deg som støttar Stiftelsen Norsk Luftambulanse, og med det har gjort det mogleg å gjennomføre TAS-kurs i 25 år. Takka vere di støtte er det tryggare for oss alle å bu og opphalde oss over heile landet. Tusen takk også til alle dykk som er på vakt i jula, klare til å handtere ein naudsituasjon når vi treng det som mest.

Av Erlend Bae, regionsrådsmedlem Stiftelsen Norsk Luftambulanse