Den seinare tid har fleire partigrupper i Ørsta vist nye tonar, og uttalt seg positivt om jordvern gjennom innlegg på Facebook, publisering av utdrag frå valprogram, valomatar og i oppslag i Møre-Nytt. Det er svært gledeleg om partia som tidlegare har stemt for utbygging, no ser verdien av matjorda og eit aktivt landbruk.

Men fine ord og positiv omtale hjelp lite viss dei ikkje betyr noko når vedtak skal gjerast i formannskap og kommunestyre. Siste to åra har fleirtalet i kommunestyret hatt fleire sjansar til å stanse nedbygginga av dyrka mark på Fremre Mo, men dei fine orda betydde lite.

Ørsta SV går til val på ein nullvisjon i høve bruk av matjord til utbyggingsføremål. Vi kjem difor til å fremme ein interpellasjon til kommunestyremøtet 7. september om full stans av utbygginga av tomter på matjorda på Fremre Mo.

Med dei innlegga som har vore i sosiale media og Møre-Nytt den seinare tid, bør det no vere fleirtal for dette i Ørsta kommunestyre!