Som bedriftseigar og lokalpatriot er eg uroa over at administrasjonen i Ørsta kommune foreslår å leggje ned Vartdal ungdomsskule. Eg meiner at forslaget attspeglar manglande framtidsvyar og eg håpar at dei som skal avgjere spørsmålet får opp augo og ser kva langsiktige konsekvensar ei nedlegging får.

Det skjer mykje positivt langs Vartdalsstranda om dagen. Dei siste månadane har det flytta fleire barnefamiliar frå Ålesund til Vartdalsstranda. Å kome seg litt vekk frå byen, men samstundes ha den nær, er noko som tiltrekkjer mange. Når det er eigedomar til sals langs Vartdalsstranda er det stor interesse utanfrå og eigedomane vert raskt selde. For oss som er etablerte her, så er ikkje dette vanskeleg å forstå. Vi har flotte og landlege omgjevnadar, menlikevel er vi berre ein kort ferjetur frå byen og handelssentera på Søre. Her er fleire bedrifter langs stranda som kan by på stabile jobbar og i tillegg er det er kort og lett pendlarveg til Ålesund og områda rundt. Dette gjer området attraktivt sjølv for dei som ynskjer å arbeide i byen.

Folk vil bu her

For fyrste gong på fleire år er det no fullt belegg og mangel på plassar i barnehagen på Vartdal. Dette er eit tydeleg teikn på at det å busette seg langs Vartdalsstranda er attraktivt. At andre utanfrå ser verdien av å flytte til og utvikle bygdene er kjempepositivt! Det bør heller leggjast til rette for at den positive utviklinga fortset, enn å true med avvikling og leggje ned skulen. Vi har mange flotte områder som kan nyttast til bustad, og har god plass til fleire. Ei eventuell nedlegging av ungdomsskulen vert opplevd som lite framtidsretta og vil kunne medføre ein bråbrems på den positive utviklinga som vi ser langs stranda. Ein bråbrems som også vil føre til konsekvensar for næringslivet som soknar til skulen.

Treng skule for rektruttering

Kva bidreg eigentleg bedriftene på Vartdalsstranda med i den store rekneskapen til Ørsta kommune?

Vel, ikkje så reint lite. Mowi, Måsøval, AquaGen, Roth Daglegvare, Øye Maskin, Vartdal Plast, Vartdal Gjenvinning og Bacalofabrikken sysselset fleire hundre skattebetalarar. For at desse selskapa skal halde fram å vekse og vere attraktive arbeidsplassar, er det heilt avgjerande at sentrale institusjonar som skule blir verande lokalt.

Som drivar av ei bedrift som har fleire lokasjonar rundt om i Noreg, så har vi utan unntak blitt kontakta av kommunene der dei lurer på kva dei kan bistå med for å fremje utvikling for bedrifta. Kvifor? Jau, fordi dei ser verdien av utvikling og kva det gir tilbake til kommuna i form av skatteinntekter og arbeidsplassar. Dette bør også vere viktig for Ørsta kommune, om dei vil sikre seg framtidige skatteinntekter.

Bedrifter som opplever motbakke har ikkje anna val enn å brette opp ermane og arbeide enda hardare. Det siste dei vil gjere, er å permittere, seie opp eller leggje ned. Denne mentaliteten er det som over år har sikra Ørsta kommune sitt inntektsgrunnlag. Det er sikkert mange som kunne ha tenkt seg å etablere bedriftene ein annan stad enn i Ørsta kommune, men dei vel å bli verande her, fordi kommunen hittil har drive ein føreseieleg næringslivspolitikk.

Negativ næringspolitikk

Når kommunen no vurderer å leggje ned Vartdal ungdomsskule er dette ein indirekte negativ næringspolitikk. Mange av bedriftene langs Vartdalsfjorden har gjort, og skal gjere, store investeringar for å utvikle sine bedrifter. Innovasjonen og utviklinga som er på gong vil bringe med seg eit stort behov for spisskompetanse, som vil krevje tilflytting til bygdene våre. At manglande skuletilbod vil svekke moglegheita for slik tilflytting, seier seg sjølv.

Lite å spare

For oss som eig eller jobbar i private bedrifter er det kundane vi lever av, utan dei er vi ingenting. I ein kommune er innbyggjarane kundane, utan støtte frå innbyggjarane er kommunen heller ingenting. Bedriftene langs Vartdalsstranda vil med dette gjere det heilt klart for Ørsta kommune, at vi ikkje støttar nedlegging av Vartdal ungdomsskule! Når ein ser kor små beløp det er å spare på å leggje ned ungdomsskulen på Vartdal, så er det skuffande at kommuneadministrasjonen i det heile teke tenkjer i desse baner. Det syner kor lite dei verdset både næringsliv og folk på bygdene.

Kom på besøk!

Bedriftene langs Vartdalsstranda vil med dette også utfordre og invitere Ørsta kommune til å kome på besøk for å få høyre kva planar vi har for framtida. Vi lovar at det ikkje er snakk om avvikling, men utvikling! Om representantar frå kommunen ynskjer å høyre korleis vi jobbar i tøffe tider, deler vi gladeleg kring dette temaet også. Det er gjerne i tøffe tider ein finn fram til gode, langsiktige og berekraftige løysingar. Med dette håpar eg og trur at våre folkevalde politikarar er meir framoverlente enn kommuneadministrasjonen, og raskast mogleg avklarar at administrasjonen her er på villspor.

Sindre Vartdal, med full støtte frå eit samla lokalt næringsliv.