Då Mosflata vart til eit industriområde, så var det med på å prege utviklinga for bøndene på Mo. Sjølv om industrien og alle dei arbeidsplassane som er der er viktig for utviklinga i kommunen, fekk det konsekvensar for landbruket.

Øvre Mo vart ei byggefelt i rekordfart. Det har ikkje vore vanskeleg å få folk til å busette seg der, attraktive tomter med god utsikt og gode solforhold. Faktum er at når ein sel ei tomt ein annan stad i kommunen, så sel ein tre her. Vi kan ha mange tomter rundt om, men det er kjøper som avgjer kvar ein vil ha huset sitt. Med gode vegar så er det lett å pendle frå andre kommunar.

Fremre Mo del 1 er godkjent, og dei fleste grunneigarane er her villige til å avstå grunn. Ein god del av det er ikkje dyrka mark, men dyrkbar på same måte som andre byggefelt i kommunen til dømes Rystefeltet. Hovdebygda som også har vore nemnt, er det regulerte område no dyrka mark, slik vi forstår det.

Jordvernstrategien skal snart ut på høyring. Saka er i ein grundig prosess med fleire møte, sist 28. august. Planen blir lagt ut til høyring i haust. Sjølv om det er svært strengt, så er det av og til ikkje til å unngå av omsyn til samfunnsinteressene, at ein må disponere noko dyrka mark (ei fotballbane er omlag 6 – 7 da). Det som blir definert som tungtvegande samfunnsinteresser kan vere samferdsel til dømes gang- og sykkelvegar, oppretthalde utvikling av tettstadane, næring som kan bidra til å styrke busetting i bygdene.

Der ein ikkje kan unngå omdisponering, så skal/kan arealet erstattast. Det har vi sett blir gjort med mold frå parkeringsplassen ved bedehuset, gang-og sykkelvegen på Mosflata og jord frå næringsområdet Melsgjerde. Vi må legge til rette for nydyrking, det blir god jord etter kvart.

Det er mange innbyggarar som bur i område Øvre Mo, Fremre Mo. Heile feltet treng ein busstrase. Den som er i dag, er ikkje god nok. Fleire har bruk for offentleg transport i framtida. Organisasjonar/representantar frå transportnæringa med erfaringar frå personruter og store bilar i trafikken, er heilt tydeleg på korleis vegen må leggast opp, alt 1. Det er også vedtatt i kommunestyret.

Fremre Mo Del II venter på jordvernstrategien før saka kjem til behandling i kommunestyret. Deler av Fremre Mo del II kan skjermast ved at området oppom samlevegen vert bygt ut først, slik at arealet nedom vegen nær gardsbruk vert skjerma lengst mogeleg. Korleis samfunnsutviklinga er om 15-20 år for landbruksinteressene og tettstadutviklinga i Ørsta, det må ein då kome tilbake til. Den ferdige reguleringsplanen kan nyttast.

For å få opp produksjonen av mat, så er vi avhengig av rekruttering og framtida for bønder. Å hente for til dyra lange strekningar med transport er slitande. Landbruket må ha støtte og avlastning på ulike måtar, det må leggast til rette for effektiv drift.

Etter framlegg frå Arbeidarpartiet vart det vedtatt i kommunestyret at bønder kan søkje på næringsfondet i Ørsta kommune. Ørsta Arbeidarparti går i mot full stans av utviklinga for sentrum.

Ørsta Arbeidarparti

Karen Høydal, ordførarkandidat