Ørsta kommune sine forslag om kutt i barnehage og skule vekjer stor bekymring for alle foreldre. Det er med tristheit, vantru og frykt at vi les om forslaga som har komt om drastiske kutt i oppvekst- og opplæringssektoren. Som representantar for FAU for Vartdal barnehage føler vi oss forplikta til å rope ut, på vegne av både borna våre og for dei tilsette.

«Vartdal barnehage – ein god stad å vere», er visjonen til barnehagen vår. Ein visjon som vi foreldre er så heldige å kunne sei at barnehagen vår lukkast med. Vi har ein barnehage som er god, trygg og stabil. Ein barnehage med tilsette som vil borna våre sitt beste, som bryr seg og som strekk seg til det ytterste for at alle som er der skal ha det bra. Ja – faktisk så strekk dei seg ofte langt lengre enn forventa. Og så kan ein lese, at Ørsta kommune foreslår å gjennomføre ein reduksjon på 10 årsverk i barnehagane i Ørsta kommune. At barnehagane skal driftast på ei minimumsbemanning, der det berre er nåda som rår om korvidt det kjem til å gå bra eller ikkje.

Ein kan då undre seg over kva Ørsta kommune tenkjer om fråvær, som sjukdom, permisjonar, sjukemeldingar og slitasje. Med personale som allereie strekker seg langt, for å ivareta det viktigaste vi har – borna våre. Har Ørsta kommune tatt høgde for kva meirbelastning det vil ha for gjenverande personale ved slike kutt? Og utan bruk av dei vikarane som borna er fortrulege med, korleis kan ein forvente at dei samme kjem til å stille opp når behovet for dei igjen oppstår?

Samfunnet vårt er i dag lagt opp til at begge foreldre skal vere i arbeid, og at born skal starte i barnehagen frå dei er om lag eit år. Ja, allereie som eittåringar startar dei på sett og vis utdanningsforløpet sitt. Som regel har barna ei like lang, om ikkje lenger, "arbeidsveke" som oss vaksne. Og når ein tenkjer over kor stor del av dagen dei oppheld seg i barnehagen, så innser ein som forelder kor enormt delaktig barnehagen sine tilsette er i borna våre sin oppvekst. Barnehagen er i stor grad med på å danne grunnlaget for borna våre sitt vidare liv.

Helsedirektoratet har publisert eit forskningsprosjekt frå Nordisk ministerråd som heiter "Barnets første 1000 dager". Der kan ein lese at grunnlaget for barnets psykiske og fysiske helse og trivsel blir danna dei første åra av eit barns liv. Forskningsprosjektet slår fast at det dermed er svært viktig at barnehagen "fremmer en positiv psykososial utvikling og ivaretar små barns behov for trygghet, stabilitet og stimulering, med solide meningsfylte og trygge bånd til pedagoger og til de ansatte og til de andre barna i barnehagen". Ei nedbemanning i barnehagen, uansett avdeling, vil vere å undergrave all forskning som er gjort. Det vil føre til mangel på kapasitet, stabilitet, tryggheit og trivsel. Og dei det vil ramme aller hardast, det er til sjuande og sist borna våre. (Nordisk ministerråd, 2022).

Ein kan vidare lese at dei foreslår reduksjon i stillingar som omfattar styrka tiltak. Tiltak som skal hjelpe born med særskilte behov. I barnehagelova §34 står det at «barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom de har særlige behov for det» (barnehageloven, 2005, §34). Og all forskning peikar i retning mot at tiltak for born med særskilte behov bør setjast inn så tidlig som mulig. Inne på Statped sine sider står det at «med tidlig innsats kan vi førebyggje skeivutvikling, lærevanskar, fråfall i skulen og å hamne utanfor arbeidslivet» (Statped, u.å.). Å kutte i stillingar som omhandlar styrka tiltak vil ikkje medføre anna enn tap på lang sikt. Eit tap for bornet, eit tap for familia, eit tap for barnehagegruppa, eit tap for kommuna og eit tap for samfunnet. Og den lille kostanden ein sparar i 2024, vil kunne rente seg til det utenkelige dei neste påfølgande åra.

Vidare kan ein lese at det er vurdert å gå frå halde barnehagane feriestengt i to veker, til tre. Realiteten av å endre på antall stengte ferieveker vil kunne ha store negative konsekvensar for familielivet og familiedynamikken. Alle skulle vel ønske at både mor og far samstundes kunne ta fleire veker samanhengane ferie med borna sine, men dette er dessverre ikkje realistisk i dagens samfunn. Ein langtidsstengt barnehage vil i fleirtalet sine tilfeller føre til at foreldre må dele opp ferien sin for å klare å dekke opp for dette. Mange har også jobbar som inneber at ein ikkje nødvendigvis får ferie dei vekene barnehagen er stengt, med den kabalen det medfører. For ikkje å snakke om åleineforeldre eller dei utan nettverk eller familie som kan bidra og hjelpe til. Det vil då vere enorm forskjell på om barnehagane er stengt i tre veker istadenfor to. Kva vil skje med det psykososiale til familiane når ein ikkje ein gong får ta ferien saman?

Samstundes som ein les om kutt i barnehagar og skular, så kan ein i Møre-Nytt lese at summen for nytt kulturhus aukar med 100 millionar kroner. Ja, du leste rett. 100 millionar kroner. Totalt rår kommunedirektøren at det blir sett av 324 millionar kroner til nye Ørsta kompetanse- og kultursenter. (Sæbønes, 2023). Samtidig ønsker kommunestyret å kutte ned til beinet, og vel så det, på barnehage og skule. Det er nesten så ein ikkje trur det ein les. Kjære Ørsta kommune. La oss få behalde den trygge og gode barnehagen vår slik den er. Ikkje ta tryggheita vekk frå borna våre. La Vartdal barnehage få halde fram den fantastiske jobben dei gjer, med det antal tilsette det faktisk krevast for at det skal vere «ein god stad å vere».

FAU Vartdal barnehage