Eg vart sjokkert då eg las forslag til kutt som ligge inne på Oppvekst, kultur og inkludering. Kva er det slags kvalitet vi ynskjer i skulane og i barnehagane i Ørsta kommune? Å kome med forslag til kutt som både er uforsvarlege og vil redusere på kvaliteten på tenesta er lite bærekraftig og lite samfunnsøkonomisk. Det vil gå kraftig utover sårbare born.

Grunnbemanninga i skulen er for lita. Ein lærar pr 15 elevar 1 – 4 trinn og 1 lærar pr 20 elevar 5 – 7 trinn er til dømes ofte svært lite og for lite. Mange lærarar er pressa i møte med elevane. Relasjonane mellom eleven og læraren er uhyre viktig for ein fungerande og lærerik skulekvardag. Borna skal trivast i skulen og skulekvardagen skal være prega av god læring slik elevane blir motiverte til skulearbeidet. Plan for godt og trygt skulemiljø i Ørsta kommune gjenspeglar kor viktig det er å ha nok kompetente vaksne i skulen til ei kvar tid. Alle born og elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø! Ansatte med god kompetanse og nære relasjonar til borna og elevane er avgjerande for at vi får eit inkluderande og godt utdanninsløp som skal passe for alle. Vi skal ha eit utdanningssystem som bidreg til at alle kan oppleve meistring og verdien av kunnskap og fellesskap.

Caroline Rudi. Foto: Arkiv

Korleis er den psykiske belastninga for dei ansatte i barnehagane og i skulane? I Ørsta kommune har vi utruleg mange gode og kompetente vaksne som jobbar med barn og unge. Vi som foreldre leverar frå oss borna våre 5 dagar i veka anten til skulen eller til barnehagen. Då har dei vaksne der ansvar for våre born. Det er ei stor tillitserklæring. Ein stor prosent av denne yrkessgruppa kjenner på belastninga av å ikkje strekke til. Barnehagelærarar, barne – og ungdomsarbeidarar, lærarar, assistentar osv må være tilstades kjenslemessig så og sei heile arbeidsdagen. Dei skal være gode, omsorgsfulle, trygge og tydelege vaksne til ei kvar tid.

Ei realisering av kutt i styrka tiltak vil være uforsvarleg. Det veit vi allereie pr i dag når barnehagane driv på eit minimumsnivå når det gjeld bemanning. Sjukefråværet er høgt og det vil ikkje gå ned med reduksjon i stillingar, heller tvert imot. Tidleg innsats er viktig og betyr at barnehagar og skular arbeidar for å forebygge utfordringar, og at tiltak blir sett inn umiddelbart når utfordringane blir oppdaga. Ved ein reduksjon av tilsette så vil det i verste fall ta lenger tid før desse behova og utfordringane blir oppdaga. Barnehagen og skulen skal bidra til at born og unge skal bli trygge og trivast. Er dei trygge, lærar dei betre. Dei skal lære seg evna til å takle oppturar og nedturar på ein god måte og dei skal møte tydelege forvetningar. Derfor er trygge ramme viktig.

Eg håpar og trur at de som politikarar ser på verdien i å ikkje gå for forslaga som omhandlar kutt i styrka tiltak og kutt i bemanning i skulane. Vi treng kvar kompetent vaksen i både barnehage og i skulen, men skulle helst hatt fleire.

Ellers vil eg som mor rette ein stor takk til de som jobbar i barnehage og i skulane. De gjer ein uhyre viktig jobb og de er med på å forme borna våra i samarbeid med oss som foreldre for framtida.

Caroline Rudi