Ein skal ikkje ha lest mange artikler i Møre Nytt dei siste åra, uten å oppdage at det foregår ein til dels fornøyelig debatt om Leknes/Rotnehammeren.

Her har den såkalte «anonyme gruppa» tatt seg til rette og kjem med dei merkeligste krumspring som strider mot vedtatte lover og forskrifter (LNF- område, Plan- og bygningslova mm.). Enkelte har dessverre ikkje gjennomskua hulheita i argumentasjon. Blant annet samfunnsutvalget, der ein folkevalgt forsvarer den samme holdningen og kaller prosjektet «Samfunnsnyttig», men for kven?

Heldigvis blei dette prosjektet oppdaga da dette var noko meir enn eit vedskjul, gapahuk og ei trapp slik det har blitt vinklet inn av Møre Nytt.

Leknesstranda/Nakken og strekningen mot Maradalsvika har noko av den mest artsrike naturen i Hjørundfjorden. Den Samfunnsmessige nytten er att det biologiske mangfoldet her er unik og bør være intakt med dei lover og forskrifter som er gjeldende. Samfunnsutvalget i Ørsta kommune bør ta innover seg dette og at å pisse i buksa har kortsiktig virkning!

Frode Gjerløw Holen, Hjørundfjorden, Bondalen.