Nynorsken må fylgje med i tida. Det vil seie vert meir lik bokmål; skriv Helge Aarseth i Møre-Nytt fredag. Truleg den sikraste vegen mot undergangen nynorsken kan få.

Men Aarseth har eitt godt poeng, nemleg at «vi blir til daglig ‘bombarderte’ med ord og uttrykk frå bokmålet.» Det gjer det ofte vanskeleg å vere nynorskbrukar. Likevel har nynorsken levd bra til no. 5-600.000 nordmenn er aktive nynorskbrukarar. Nynorsk er meir synleg enn kanskje nokon gong. I offentleg forvaltning, i massemedium, til og med i sportsjournalistikken, og ikkje minst i litteraturen. Nynorsk litteratur blømer som aldri før. Jon Fosse takkar nynorsken for Nobelprisen.

Helge Aarseth trur at nynorsk må få fleire valfrie former for å overleve. Om dett e kan det vere ulike meiningar i målrørsla, men den nynorske rettskrivinga har allereie mange valfrie former: fylgje/følgje/fylge/følgje – setje/sette – liggje/ligge – skule/skole – hyggjeleg/hyggeleg – de/dokker – bløme/blomstre osv. Eg trur ikkje at ei einaste av dei bokmålsnære alternativa har vore med på å redde nynorsken.

Alle skjønar at endringar i talemålet over tid kan påverke skriftspråket. Men det er som Daniel Ims peikar på her i avisa. Ei endring i talespråket må vere omfattande og langvarig for at skriftspråket kan eller bør endrast. Ikkje nokon nasjon har eit normert skriftspråk som er styrt av språklege døgnfluger. Det er motsett. Det er berre å jamføre med til dømes engelsk og tysk.

«Eg snakkar tysk» heiter på normert tysk «ich spreche Deutsch». I såkalla plattysk seier nordtyskarane «ick snakk platt». Det tyder det same, men dei krev ikkje at dette skal bli tillate i normert tysk skriftspråk.

Terje Kjøde