Det er eit prosjekt som driv forebyggjande arbeid, og gjev akutt hjelp til barn, unge og familier i Sucre i Bolivia. På ressurssenteret, som har fått namnet Mariposa-heimen, vert det m.a. jobba for å gi familiar rettleiing og hjelp til å ta vare på borna sine sjølve. Mariposa-heimen tek også imot jenter som har vore utsette for seksuelle overgrep.

Opphavet

Og det er altså arven etter Ørsta Stål som er opphavet til alt. Salet av Ørsta Stålindustri gav dottera til Henrik Bjørdal meir pengar enn ho sjølv og familien trong. I tida etterpå har Hildegunn Bjørdal Alnes jakta eit prosjekt som ho kunne støtte. Hjartesaka fann ho i byen Sucre i Bolivia. Dottera til Hildegunn, Kjerstin, er pådrivar i hjelpearbeidet. Ho har fått til mykje og har store planar for å utvikle senteret. Det skal startast helsestasjon for barn og unge i det nybygde senteret, og utviding av førebyggjande arbeid som vert drive med kursing og direkte oppfølgjing av familiar.

I neste veke dreg slekt og vener av Bjørdal-familien til Bolivia for å oppleve det som er realisert. Mellom dei er ørstingane Turid Karlsbakk og Randi Øie.

- Det er eit imponerande arbeid som er gjort for ressurssenteret og familien er svært takksam for alle gåver som er komne inn til senteret. Dette er viktige bidrag som er med på å gi ein betre kvardag for menneske som treng hjelp, seier Karlsbakk og Øie.

Dei gler seg til å få oppleve Mariposa-heimen på nært hald som har "opne vengjer til eit nytt liv" som slagord.