Søkjar er Norsk Gjenvinning AS Region Nordvest, med driftsleiar i Ålesund, Sindre Bøstrand i spissen.

750

I planane gjer Bøstrand det klart at dei tenkjer at anlegget skal kunne ta i mot 750 kasserte køyretøy årleg.

– Vi vil ha ei mobil presse som skal «rullere» mellom fleire anlegg både i Møre og Romsdal og i Sogn. Dette meiner vi vil vere meir miljøvenleg enn om vi i staden har fleire fastståande presser. Pressa er også av nyaste teknologi, og vil bruke mykje mindre energi enn eldre modellar gjer, presiserer Bøstrand.

Dei har søkt Fylkesmannen om løyve til å starte opp verksemda.

Skjermast

Ørsta kommune seier i si høyringsfråsegn at dei ikkje har store innvendingar mot tiltaket.

– Men det er god utsikt både frå innflyging til Hovden flyplass og frå bustadområde på motsett side av flyplassen og E39. Lagring av store mengder bilvrak bør såleis verte skjerma fysisk med gjerde, skriv sakshandsamar Magnar Selbervik.

Vidare bed kommunen om god sikring, då arealet ligg om lag 550 meter vest for idrettsstadion.

– Området bør såleis skjermast fysisk mot leik frå born. Verken lagring av bilar i høgda eller gjerdet må bryte gjeldande høgderestriksjonar, presiserer kommunen, og viser til at restriksjonane er sett til 110 moh. som følgje av nærleiken til flyplassen.

Dei stiller også krav til at det vert teke prøver med jamne mellomrom for sjekke at forureining frå dei kasserte køyretøya ikkje renn ut i grunnen.