Det melder selskapet i ei pressemelding. Forkortinga (tickeren) for Saferoad blir SAFE.

Selskapet utferda 46,666,667 aksjer til einn verdi av 30 kroner per aksje, tilsvarande ein marknadsverdi på to milliardar kroner. Denne aksjeprisen er lågare enn det selskapet først ønskte, men dei måtte redusere prisen for å få nok investorar til å interesse seg for selskapet.

Bruttoprovenyet frå børsnoteringa er på 1,4 mrd. kroner og skal blant anna brukast til refinansiering av eksisterande gjeld og til å kjøpe ut enkelte minoritetsaksjonærar, skriv selskapet.

Med børsnoteringa får Saferoad Holding ASA totalt rundt 900 aksjonærar. Nordic Capital Fund VII held fram som største eigar, no med ein eigardel på 30 prosent. Eigardelen kan bli redusert til 20 prosent etter ei tid, for å stimulere til meir aksjehandel i selskapet.

DNB og Nordea har begge flagga at fond dei styrer eig like i underkant av ni prosent av aksjane i Saferoad, skriv Nett.no.