– Skal Noreg nå klimamåla, må vi vere mest mogleg medvitne på eige matforbruk og matproduksjon, noko den noverande geopolitiske situasjonen gjer endå meir aktuelt. Derfor må vi mellom anna i mykje større grad også prioritere norske råvarer i tida framover, seier administrerande direktør i «Skift – Næringslivets klimaledere», Bjørn Kjærand Haugland til Nationen.

Skift, som er ei samling av nokre av dei mest klimaambisiøse selskapa i Noreg, har nyleg lansert ein eigen rettleiar for berekraftige matsystem. Rettleiaren har fått namnet «Det store matskiftet» og består at 10 hovudpunkt som blir presenterte på nettplattforma Matskiftet.no.

Skift, PwC, Norgesgruppen, Coca-Cola og Arntzen de Besche har saman med Tine og Bama stått bak utviklinga av den nye plattforma. Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har vore kunnskapspartnar i arbeidet.

Kjærand understrekar at hovudmålet med samarbeidet er å lage ein rettleiar for norsk næringsliv.

– Dette berekraftige matsystemet skal oppfylle klimamål samtidig som det sikrar næringsrik mat og god folkehelse. Det bevarer eit sunt naturmiljø og biomangfald, styrkjer jord- og dyrehelse og dessutan bidreg til sysselsetjing og lokal verdiskaping, seier Haugland til Nationen. Og legg til:

– Fleire av råda handlar om å redusere klimagassutslepp, halvere matsvinn og ikkje minst prioritere norske råvarer. Vi må også leggje alt til rette for at matsystema i framtida skal vere mest mogleg sirkulære, ha lågast mogleg karbonavtrykk og minimal belastning på naturen.

(©NPK)