Snøfallet tysdag og natt til onsdag gir grunn til å leite fram skia. Allereie tysdag kveld rulla Hovdebygda IL langrenn traseen på Bondalseidet, men det kom så mykje snø at det raskt ved behov for større utstyr.

Onsdag føremiddag har mannskap frå Ørsta skisenter vore i aksjon. No er det lagt spor heilt til Åmskaret.

Utover veka skal det bli kaldare temperaturar, men opphaldsvêr. Det er sjansar for at det kan kome litt sol. Dermed ligg mykje til rette for ei skikkeleg vinterhelg i Ørsta.

Styreleiar Gunna Knutsen minner besøkande om å vere med å støtte arbeidet ved skisenteret gjennom mellom anna betaling for parkering.

Dei mest ivrige var allereie i løypa tidleg onsdag ettermiddag. Foto: Privat