Ørsta brann og redning melde laurdag kveld at dei rykte ut på mogleg brann i skorstein i Krøvelseidet.

Det var ein feriebustad dei rykte ut til, og ingen var heime. Naboar hadde meldt frå, og brannvesenet var raskt framme. Brannmannskapet kontrollerte feriebustaden innvendig, og arbeidde i stigebil frå utsida.