Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Mange kommunar har dataspel og utstyr som ungdom kan bruke. Kan dette også brukast av eldre? Dette ønsker fylkeskommunen å finne ut meir om.

Tysdag 9. april inviterer fylkeskommunen rådgivarar, kulturkonsulentar, bibliotektilsette, folkehelsekoordinatorar, frivilligsentralar og andre til digitalt møte om seniorgaming.

Då vil dei kartlegge om det er interesse for eller ønske i kommunane om å starte med møteplassar eller aktivitetar der eldre kan prøve dataspel, eller seniorgaming.

– Dataspel gir god motorisk trening, og det er sosialt. Mange eldre syns for eksempel det er vanskeleg å bruke BankID og navigere i ein digital kvardag, men det meiner vi at gaming kan hjelpe på. Dataspel vil gi meir digital forståing og bidra og  til eit kvikkare sinn, seier rådgivar Anne Askeland.

Interesserte kan på fylkeskommunen si nettside melde seg på Teams-møte, samsnakk om seniorgaming, tysdag 9. april.