Tidlegare denne månaden flytta Sæbø barnehage frå bygningen i Sandvika like ved ferjekaia til skuleområdet. Det gjer at vegen frå ferjekaia til barnehagen har vorte mykje lenger, og det har gitt foreldra tidsnaud.

Det fylkeskommunale ruteselskapet Fram har difor vendt seg til Ørsta kommune, og spør om det er innvendingar mot ei justering av ferjerutene.

– Fram har blitt kontakta av Norangdal grendelag og Urke grendelag med førespurnad om ei snarleg ruteendring på sambandet Sæbø-Leknes. Grunnen til førespurnaden er at barnehagen på Sæbø har blitt flytta og samlokalisert med skulen. Foreldre som er busett i Norangsfjorden og fylgjer barna sine til barnehagen kjem til Sæbø klokka 0845, og rekk ikkje ferja klokka 0900 frå Sæbø til Lekneset. Neste avgang frå Sæbø er klokka 1030, forklarar rådgjevar Thor Arne Aasebø i samferdselsavdelinga i fylkeskommunen.

Foreldra ynskjer ikkje å ha med bil over fjorden, sjølv om ferja no er gratis. Dette på grunn av trafikktryggleiken ved skulen/barnehagen.

Fjord1 og Fram har stor forståing for ynsket frå foreldra.

– Vi ynskjer å gjere eit unntak i ruteendringsprosessen, og kome ynsket frå grendelag o foreldre i møte snarast råd, seier Aasebø.

Fylkeskommunen ber difor om ei snarleg tilbakemelding frå Ørsta kommune om ruteendringa kan effektuerast.