Statsforvaltaren fremjar motsegn mot Volda kommune sitt nye framlegg til reguleringsplan for E39 på strekninga mellom rundkøyringane i sjukehuskrysset til rundkøyringa i Furene.

Årsaka til motsegna er at Statsforvaltaren meiner at kommunen ikkje tek nok omsyn til vilt (hjort) og jordvern i Furene.

Den nye reguleringsplanen skal erstatte gjeldande reguleringsplan som vart vedteken i 2018. Planframlegget omfattar ny E39 på ei 3,8 km lang strekning frå sjukehuskrysset til Furene.

Om vilt-interessene skriv Statsforvaltaren blant anna:

«Det nye planframlegget inneber at strekninga med veg i dagen blir mykje lenger enn i godkjent plan. Dette inneber ei langt dårlegare løysing med høve til hjortetrekket, då vegen vil gi eit stengsel som hindrar den etablerte trekkruta. Hjorten vil difor bli forstyrra, og kan i beste fall finne andre stadar å krysse vegen på. Resultatet blir dårlegare dyrevelferd og trafikkfarlege situasjonar. Vi minner også om at hjorten allereie er svært pressa i området, med den omfattande utbygginga som har vore i Furene.

Framlegget som no ligg føre, er uakseptabelt med omsyn til viltet, og Statsforvaltaren kan ikkje stille seg bak ei slik løysing.»

Og om jordvern:

«Ny vegtrasé i Furene vil medføre eit langt større tap av dyrkajord enn i vedtatt plan. Planframlegget vil legge beslag på 23 dekar dyrka mark mot 5,6 dekar i gjeldande reguleringsplan. Dette står sterkt i strid med nasjonal jordvernstrategi, vedtatt av Stortinget i juni 2023. Statsforvaltaren fremjer difor motsegn mot planframlegget ut frå omsynet til dyrka jord.»